«Noko frykteleg gale kan skje med Norge» – slik var overskrifta i siste utspelet frå Ap leiar Thorbjørn Jagland før EU avstemminga i 1994. Jagland påstod at hundretusenvis av arbeidsplassar kunne forsvinne dersom Norge ikkje melde seg inn i EU. Jagland tok feil. Skremslepropaganda fungerer ikkje alltid.

I folkeavstemminga som no går føre seg skal folk i Kinn få vere med å avgjere kva som er det beste for innbyggarane i Kinn/Vågsøy/Flora i tiåra som kjem. Er det å halde fram i Kinn eller er det å halde fram som to sjølvstendige kommunar Nye Flora og Nye Vågsøy. Begge deler er fullt mogeleg. Eg håpar folk gjer seg opp si eiga meining og nyttar moglegheita til å påverke korleis kommunen dei skal bu i skal sjå ut i framtida, som til dømes kvar og av kven ting skal avgjerast, korleis ein best sikrar utvikling av heile kommunen – og kva prioriteringar ein skal gjere.

Den siste tida har fleire vore ute med åtvaring om at ei deling av Kinn nærast vil føre ei eller begge dei nye kommunane ut i ein økonomisk katastrofe. Det er det svært lite som tyder på. Regjeringa har allereie varsla ei støtte på 15 millionar til ein oppløysingsprosess dersom kommunen ønskjer det. Det økonomiske opplegget for kommunane vert avgjort av regjeringa – og sjølv ei ny Vågsøy og ei ny Flora kommune vil langt frå vere små kommunar i norsk samanheng. Tvert om bygger ei slik skremsle på at regjering og Storting vil at folk i små kommunar skal få eit dårlegare tenestetilbod enn i store. Det er eg ganske trygg på at eit breitt politisk fleirtal ikkje ønskjer.

Debatten om kommuneøkonomi er uansett berre ein del av den store debatten om kva struktur som er best. Når Kinn har vore mellom dei mest omstridde kommunar i landet i fleire år handlar det ikkje minst om geografi. Dei fleste kommunar har felles bu- og arbeidsmarknad. Folk, politikarar, tilsette og næringsliv treffest dagleg – ikkje berre i jobbaktivitet, men gjennom kultur, frivillighet, handel og ulike arrangement. Dette bind kommunen saman og gjev felles retning. Manglande felles bu og arbeidsmarknad, at kommunen er delt fysisk samt dei lange avstandane var dei viktigaste grunnane til at statsforvaltaren rådde frå samanslåing av Vågsøy og Flora. Motstand mot samanslåinga av dei to kommunane kom ikkje berre frå fagleg hald. Motstanden var stor ikkje berre i Senterpartiet og fleire andre politiske parti sentralt – men også blant elles så ivrige samanslåingsentusiastar i Høgre. Geografien og avstandane er vanskeleg å oppheve, så motstemmene i Høgre den gongen har sine argument i behald. Samanslåinga skulle ikkje ha skjedd. Og var dette ei dårleg løysing for eit par år sidan er det ikkje blitt ei betre løysing no.

Folkeavrøystinga handlar difor om meir enn eit augeblikksbilde. Det handlar om kva kommune som på lang sikt vil gje best tilbod og høve til medverknad for innbyggarane. Eg trur det beste grunnlaget for utvikling er gjennom å dele Kinn i Nye Flora og Nye Vågsøy; to nye kommunar som har tilbod, politikarar og tilsette som jobbar innanfor ein felles bu og arbeidsmarknad og utviklar seg sjølvstendig, men kan samarbeide om viktige saker på kysten som dei er samde om.