Dette innlegget er et svar til Odd L. Drabløs sitt innlegg «Konflikt i nordområda» og er skrevet av Marion Hatellid frå Stadlandet. Det sto på trykk i Fjordenes Tidende tirsdag 29. september.

Eg kjenner eg vert sint og provosert av innlegget ditt. No er det andre innlegget frå den kanten på kort tid, der du kjem med direkte dritslenging om oss på nordsida i kommunen.

Det må no vere grenser for kva vi skal finne oss i!

Klart at det ikkje er spetakkel frå sørsida, sidan kvar gong noko skal leggast ned, så er det på nordsida. Då er det vel ingenting å lage spetakkel for?

Du meiner spetakkelet kom fordi ordførar og varaordførar er frå sørsida og ikkje nord. Feil, Odd L. Drabløs!

Spetakkelet kom fordi vaksne folk vel å bryte ein skriftleg avtale. Og fordi Ole Bosnes går ut offentleg og seier; «ein skriftleg avtale varer til nokon bryt den».

Kven i pokker skal vi stole på framover då, dersom det er slik moralen er?

  • Ønsker du å delta i debatten? Send ditt innlegg til fjt@fjt.no

Vi spelar nord-sør-kortet? Eg meiner det «kortet» vert brukt imot oss kvar gong det er snakk om noko. «no må vi legge ned denne striden», «no må vi samarbeide». Ikkje så godt å samarbeide, når det er slik vi skal ha det.

Skal vi ikkje få lov å kjempe for det som er att i bygdene våre? Skal vi ikkje få lov å kjempe for at bygdene våre ikkje skal døy? Vi har faktisk lyst å fortsette å bu her ute, og lyst at fleire skal komme og gjere det same.

Eg for min del, har aldri hatt noko forhold til denne «over fjellet-konflikten», men no kjenner eg den er begynt å treffe meg òg.

Det har ingenting med folket som bur der å gjere, for eg kjenner mange kjekke seljeværingar!

Men det som provoserer og skapar rot til konflikt for min del, er at eit parti som består av berre personar frå sørsida, i valprogrammet sitt har at dei skal ha ein ungdomsskule. (Dei går inn for å rasere her ute). Og ikkje minst innlegget ditt; «kryss ein nabo» like før valet.

Slike ting er med på å lage konflikt og spetakkel det, Odd L. Drabløs.

Prøv å gå i deg/dykk sjølve og tenk; dersom det vart danna eit parti, med ei liste av berre folk frå nordsida. Og dette partiet hadde i sitt valprogram at noko skulle fjernast frå Selje sentrum, og partiet vidare fekk stor oppslutning frå bebuarane på nordsida. Hadde de ikkje reagert då? Prøv ikkje å seie noko anna!

Du nemner også at du ikkje høyrer sør-nord konflikt nemnt på sørsida.

Då vil eg berre seie det motsette. Kvar gong eg høyrer nokon seie: «det er så trist med denne nord-sør striden/konflikten», ja så kjem det frå ein munn på sørsida. Og då irriterer det meg, at du/de ikkje forstår kvifor vi reagerer, når vi veit kven som kastar bensin på bålet.