Det er ingen skam å snu. Først skulle Stad kommune ikkje arrangere Ungdommens kulturmønstring  (UKM) 2023 fordi dei ikkje hadde råd til det. Dette møtte store protestar frå blant anna lokale artistar. Etter å fått tenkt seg litt om snudde Stad kommune, og vil no likevel arrangere kulturmønstring for ungdommane i kommunen.

– Vi har så mange flinke folk som har lyst til å delta på dette. Ein ting er å seie at vi ikkje har råd til å arrangere det, men eg vil heller seie at vi ikkje har råd til å ikkje å arrangere det, sa ordførar Gunnar Silden (V) til Fjordenes Tidende.

Det har nok ikkje vore ei lett avgjersle for kultursjefen å avlyse UKM på grunn av trong økonomi. Dette viser at den økonomiske situasjonen i Stad kommune er alvorleg. No blir det likevel arrangert UKM, men dei pengane må då takast frå eit anna prosjekt.

Ein trong kommuneøkonomi får konsekvensar for tenestetilbodet, og det må gjerast tøffe prioriteringar. Det er politikarane som står ansvarleg for dei økonomiske prioriteringane i kommunen, men å avlyse UKM viste seg å vere eit alt for drygt tiltak for den politiske leiinga i kommunen.

Kva er det med UKM som gjer at fleire reagerte så sterkt på at det skulle avlysast?

UKM har ei rik historie heilt tilbake til 1987, og har for mange ungdommar vore første steg på vegen til ei karriere som artist eller kunstnar. UKM gjer at barn og unge mellom 13 og 21 år får ein profesjonell arena i sitt lokalsamfunn til å vise fram noko av dei har øva på eller laga. Det er ikkje berre dei som vart artistar som vaksne som har hatt glede av UKM i oppveksten. UKM gjer at ungdom kan få oppleve meistring på andre arenaar enn berre skule og organiserte fritidsaktivitetar.

For å verkeleg vise at vi treng UKM må ungdommen bruke arrangementet og melde seg på. Og vi andre skal møte opp som publikum og heie på både deltakarane og arrangørane.