Nominasjon, og frustrasjon?

Nominasjonsprosessane i dei ymse politiske parti til komande kommune-og fylkestingsval går føre seg i desse dagar. Det er den vanlege – og vanskelege? – kabalen som skal gå opp. I vårt tilfelle, i Kinn kommune, må det nok berre erkjennast at geografien, og kor ein bur og høyrer til spelar ei større rolle enn før. I tillegg til blandinga av røynsle og nytt blod, kjønnsbalanse, alder, yrkesbakgrunn etc.

Mykje har vore sagt og skrive om samanslåinga av Flora og Vågsøy kommunar, og vil truleg framleis bli det. Og det er OK, det! Eg har saktens tenkt mitt om prosessen rundt, og dei ymse vanskane som har dukka opp i ettertid. Kanskje først og fremst for dei som vart valde til å representere den nye kommunen, med reisetid, og møte der sikkert motsetningar mellom nord og sør kom til syne. Det er ikkje berre eit lite «kattebyks» mellom Måløy og Florø, og møte i kommunestyret inneber gjerne at dagen går med. Dette skal kombinerast med jobb, familie og fritid. Nok ein kabal som skal gå opp.

Nei, fødselen har ikkje vore berre lett, og eg vil tru at det speglar seg att i nominasjonane. Med bakgrunn i eiga røynsle som medlem av nominasjonsnemnda i Kinn Høgre, så har eg så å seie følt det på kroppen. Å verve kandidatar i tidlegare Vågsøy har ikkje vore berre lett. Som min gode kollega i nemnda, Rolf Domstein uttrykte det: «Halvparten av våre tenkjelege kandidatar er mot Kinn, og den andre halvparten har ikkje tid». Heldigvis løyste det seg til vår fulle og heile tilfredsstilling, og eg takkar på det varmaste dei som stilte seg til disposisjon. Både i nord og sør!

Eg vil påstå at lista vi til slutt kunne legge fram var gjennomarbeidd til ytterste fingerspiss, der alle kriteria er ivaretekne. Geografi, røynsle, kvinne/mann er balansert og teke omsyn til, og på beste, demokratiske vis stemt i gjennom på det endelege nominasjonsmøtet, der både Florø – og Måløymiljøet var godt representerte. Som kjent har vi heidersmannen og diplomaten Bengt Solheim-Olsen som vår ordførarkandidat, med Anett Berg, Mats Brunsvik og Arlene Vågene på dei neste plassane. Her har vi heimplass, røynsle og kjønn i den skjønnaste foreining, og lista vidare nedover bør gje tillit i alle leirar. Og i den grad ho ikkje måtte gjere det, så er det opp til veljarane å gje uttrykk for det når så langt lir.

Eg ynskjer dei politiske partia våre all lukke til med nominasjonane, og nyttar ikkje minst høvet til å takke mine gode kollegaer i nemnda vår for det aller, aller beste samarbeid. Leiar Stein Kvalsund, Maren Avsnes Klakegg, Hallgeir Helland, Rolf Domstein og i all beskjedenheit underteikna har alle lagt godviljen til. Alt som heiter prestisje og geografiske motsetningar har vore fullstendig fråverande, og tonen oss i mellom har hatt akkurat den blandinga av humor og alvor. Og så måtte vi, sikkert til liks med dei andre partia erkjenne at det nok er ei stund sidan folk nærmast slæst på tørre nevar for ein plass i kommunestyret. Jamfør mannen som i årevis hadde prøvd å kome inn i det gode selskap, og til sjuande og sist endeleg fekk plass som vara. Morgonen etter fekk kona hans servert fylgjande gullkorn:

«Eg skal berre seie deg det, konemor, at i natt har du lege attmed ein varamann»!