Denne leiarartikkelen er basert på redaktøren sine eigne erfaringar med bråtebrann. Eg håpar at ikkje andre gjer same feilen som eg gjorde. Bråtebrannen eg starta 2. april 2014 heldt på å svi av heile garden vår heime på øya Barmen. Fem naboar og eg hamna på sjukehus.

Det var ein fin vårdag eg ville svi bort noko gammalt gras på sauebeitet. Med brannriver, tilgang på vatn og branngater, meinte eg at dette skulle vere heilt trygt. Svigermor såg kva eg førebudde, og sa at dette ikkje var lurt å gjere åleine når det var så tørt. Eg svarte tilbake at eg hadde lese om bråtebrenning på internett, hadde førebudd meg godt og derfor hadde full kontroll.

Eg sette fyr på graset, og brende mot den vesle trekken som var. Det hadde vore bortimot heilt stilt så langt, men brått kom ei vindkule farande over det tørre beitet. Flammane vart kasta bak meg som prosjektil. Alt gjekk i sakte kino, og eg kan framleis sjå føre meg nøyaktig kvar flammane spreidde seg bak meg. På eitt sekund hadde eg ikkje lenger kontroll.

Alt gjekk så fort, og eg sveipa febrilsk etter flammane med brannriva. Eg måtte ha hjelp. Naboar kom til, og til slutt var heile øya i sving med sløkking av ein brann eg hadde starta.

Gode naboar greidde å sløkke det meste av brannen, og med brannvesenet frå Selje og ambulanse frå Vågsøy på plass var vi i trygge hender.

Staute karar frå Brannvesenet i Selje er gode å ha når ein sauebonde på lågt nivå overvurderer seg sjølv. Foto: Håvar Fagerli

Fem av oss hadde fått i seg mykje røyk under sløkkinga. På grunn av denne bråtebrannen vart eit heilt nabolag frå Barmen sendt til sjukehus i ei kolonne med to ambulansar og ein personbil. Eg vart sendt til Førde i helikopter. Heldigvis fekk ingen av oss alvorlege skader, og alle vart utskrivne neste dag.

Eg skammar meg over dei konsekvensane bråtebrannen medførte for mange menneske denne dagen, men eg har lært. Ikkje gjer same feilen som eg gjorde. Av og til er det lurt å lytte til kva svigermora seier.