Arbeidarpartiet i Stad, Kinn, Bremanger og Vanylven har med vantru registrert SV sitt framlegg til statsbudsjett. Dei vel å sjå vekk frå alle rapportar og utgreiingar som har vore gjort i fleire tiår, og skrotar Stad skipstunnel med eit pennestrok.

Som salderingspost vel dei å ofre det einaste samferdsleprosjektet til sjøs – og til kva pris? Eit prosjekt som kostar ei knapp stortingsgarasje.

Stad skipstunnel er eit prosjekt som er avgjerande for liv og helse, for næringsliv og næringsutvikling og for framtidig verdiskaping i denne delen av Kyst-Norge.

Det er og eit viktig element i arbeidet med å få godstransport over frå landtransport til sjø. Dette i seg sjølv er eit miljøtiltak som vil redusere CO2-utslepp radikalt på Stadhavet. Noko som SV vil løyve ekstra pengar til – berre ikkje her ser det ut som.

I ein del av landet der samferdsla er vanskeleg. der også europavegane manglar gulstripe. er det naudsynt at regjeringa sikrar at vi i det minste skal kunne nytte riksveg 1 – kystleia nord/sør.

Arbeidarpartiet har både lokalt, regionalt og sentralt arbeidd for dette i tiår, og vi aktar ikkje å gje opp kampen med dette. Våre haldningar til SV sitt alternative budsjett er grundig kommunisert til regjeringsapparatet vårt.