Dette innlegget er skriven av Kjell Lillebø.

Kystvegen og skoddekameratane på vegkontoret i Sogn

Eg las inlegget til Frank Villy Djuvik i Fjordenes Tidende der han formana oss til forstå at Kystvegen ikkje skulle ha som mål å bli raskaste veg til Bergen, den einaste måten å oppnå støtte frå fylkespolitikarane var å arbeide for å få fram det uutnytta inntektspotensialet som ligg på kysten. Altså støtt ytre alternativ over Terøya, Florø treng eit stort industriområde.

Men her står ingenting om kva tidsperspektiv ein kan forvente før det kan bli aktuelt å realisere dei forskjellige alternativ.

Det er utarbeidd ein oversikt over kor langt ein når på 45 minutt frå 5 tettstadar. For Måløy står det: Når Svelgen for alle alternativ utanom ved ferje (kombinasjon E). Hæ?

Under Svelgen står følgende om avstand til Måløy, eg reknar med at dette er oppgitt i minutt og ikkje i kilometer:

  • Biskjelneset bru 30

  • Biskjelneset ferje 69

Kva skodde sit dei i på vegkontoret på Hermansverk, overfartstid med ferje på 39 minutt, og ingen reagerer, at her må det vere noko gale.  69 minutt er akkurat den tid eg bruker og har brukt på dei 67 km til Koparnes og overfarten til Årvik, etter 69 minutter køyrer eg i land frå ferja, og slik har det vore sidan det blei halvtimes avgangar med ferja frå Koparnes. Her skulle det stå maks 40 og ikkje 69.

Men her er meir galskap: Under analyse trafikkmengde er satt opp:

  • Ferjesambandet Stårheim – Isane ligg inne i alle alternativa

  • Måløy – Oldeide er tatt vekk

  • Vegen gjennom Magnhildskaret er open i dei ytre alternativa.

Med ferje til Tongane og indre alternativ over Grov til Førde vil det ta kortare tid å reise fra Måløy til Førde enn frå Nordfjoreid til Førde, dette på grunn av omtrent lik avstand men lengre strekninger med nedsatt fartgrenser i indre.

Konklusjon: Dei tala kystvegen i dag oppererer med er ingenting å rette seg etter.