Dette innlegget er skrive av Jorunn Frøyen som er styremedlem i Kystvegen Måløy-Florø.

Fleire innlegg i lokalavisene, frå politikarar og andre sentrale aktørar i Bremanger kommune, har  dei siste dagane kome med harde utfall mot Kystvegen Måløy- Flora A/S sin høyringsuttale vedrørande traseval og prioritert utbyggingsrekkefølge, og særleg mot underteiknande og bremangerordføraren som medlemar I styret. Eg vil difor med dette gjere reie for dei vala eg har teke og kvifor eg har stemt slik eg har gjort I denne saka.

Kystvegen Måløy- Flora A/S si fremste oppgave er å være PÅDRIVAR for å få realisert kystvegen i vår region, og slik legge grunnlag for å skape vekst på kysten av Sogn og Fjordane. Vidare skal selskapet arbeide for å knyte saman Vågsøy, Bremanger, Flora og Førde til eit felles bu-og arbeidsområde. Vi har inga avgjerdsmynde i saka, men har vorte inviterte til å vere med i ein høyringsrunde, ei oppgåva vi har teke på høgste alvor.

Ein ting kan vi utan tvil slå fast, og det er at av dei tre hovudeigarane i selskapet, så er det Bremanger kommune, og særleg Svelgen og Midtgulen,  som vil få størst effekt av vegen, uavhengig av kva trase som vert valgt. Å hevde at det eine eller andre valet er eit svik mot Svelgen, fell difor på si eiga urimelegheit.

Svelgen har allereie i dag 45 min. reisetid til Florø, ei reisetid som vert definert som ”tolerert” reisetid for dagleg pendling. Med ny veg over Grov og bru over Tongane – Biskjelneset, vil Svelgen i tillegg komme ned mot 45 min. både mot Førde og Måløy, og såleis få auka sin tilgang til arbeidsplassar frå dagens 10.000 til 15.000.

Kvifor har eg likevel då gått inn for å legge vegen over Terøya, når der fins fleire gode argument for å legge vegen over Grov? (Etappevis utbygging, estimert lågare kostnad, lågare reisetid Førde).

I hovedsak tre årsaker har vorte avgjerande for meg;

1. Det ytre trasevalget vil knyte regionen vår sterkare saman, opne for nye næringsareal nær Florø, og dermed kunne gje større vekst på kysten.

2. Redusert avstand Svelgen- Florø;

”Bustadattraktiviteten til eit område har samanheng med reiseavstanden til aktuelle arbeidsstadar og det er ein positiv samanheng mellom folketalsutvikling og innbyggjaranes tilgang på arbeidsplassar i nærleiken. Norske sysselsette flest, nyttar mindre enn 30 minuttar kvar veg imellom heim og arbeidsstad. I internasjonal forsking opererer ein med ei grense på 45 minutt som «tolerert reisetid», men undersøkingar viser at motstanden mot å pendle aukar vesentleg mellom 30 og 45 minutt” (sitat Statens vegvesen).

Med reisetid over Terøya ned mot 20-25 minuttar Svelgen- Florø, og enda mindre Midtgulen- Svelgen, vil det verkeleg kunne bli ”før og etter” for dette området av kommunen vår.

3. Alternativet vil være det som gir best utviklingseffekt også for våre gode naboar Florø og Måløy. Til det siste så vil eg minne Bremanger kommune, og særleg politikarane som skal gje sitt høyringssvar, om det faktum at det kanskje vil vere avgjerande i kampen om å få bygd veg i det heile, at vi evnar å spele på lag med naboane våre, Florø og Måløy. Utan lokal einigheit kan vi berre gløyme å kome til korkje fylke, region eller stat å be om pengar til eit så stort vegprosjekt!

Til dei som no saknar at eg nemner Otteren- Bryggja, så vil eg minne om at den, med eit teknisk utfordrande bruspenn på 15-1600 m, vil verte 2-2,5 gonger så dyr som Tongane- Biskjelneset, og dermed, etter mi meining, heilt urealistisk å få realisert etter den finansieringmodellen som krevst. I tillegg vil den vere langt mindre til gagn for både ytre Bremanger og Måløy, og vil bidra til lågare ÅDT-tal på lengre sikt.

Så til rekkefølga for utbygging; Vi er alle einige om Svelgen- Indrehus som allereie i dag ligg på topp på den såkalla marginallista. Dette må ikkje forpurrast!  Vidare har eg falle ned på at vi bør starte opp i nord med bru over Tongane- Biskjelneset. Der har vi ingen veg i dag, og brua vil gje god effekt i høve utvida bu- og arbeidsområde for Bremanger. I tillegg vil auka trafikk frå Vågsøy/Nordfjord over Bremanger kommune mot Florø/Førde kunne presse fram ei full utbygging vidare mot sør.

Som tidlegare nevnt; Bremanger kommune er den kommunen som vil ha størst, og kanskje avgjerande, utbytte av at denne vegen vert bygd. Skal vi lukkast må vi vise evne til samspel med nabokommunane, slutte å krangle innbyrdes, og ikkje fortape oss i korkje frykt for kommunesamanslåing eller vår eigen aroganse. Det kan være fort gjort å gå seg villl, også i sin eigen navle!