Kinn er ein merkeleg kommune, bygd på føresetnader som ikkje nådde fram, då Bremanger ikkje vart med.

Eg synest at politikarane som var vald inn i denne konstellasjonen har gjort ein framifrå jobb for å utlikne avstand både geografisk og politisk i tråd med veljarane sitt ynske.

Eg reknar med at grunnlaget for denne samanstillinga no er vekke, sidan Vågsøy stemmer for å gå ut og at det vil gå mot oppløysing. Det er ganske forståeleg, sjølv om usemja også her er stor.

Dersom ein skal halde fram med Kinn må det vere bygd på ei forståing for at ein held fram arbeidet med å invitere Bremanger inn i ein storkommune. Bremanger vil tape mykje på at dette eksperimentet fell saman. Ein kan truleg seie takk og farvel til Kyststamvegen og bru over Nordfjord som er det eine momentet som aleine gjev fundament og insitament for ein stor kystkommune.

Kinn kommune bør halde fram i nokre år (eit år er for kort) til for å sjå om det kan vere mogeleg å bygge ein kommune der Bremanger er med. Eg kan ikkje forstå anna enn at det må vere ei forståing i Bremanger, om kor sterk ein slik kommune kan bli, ein maktfaktor i Vestland fylke som på mange vis matchar Sunnfjord kommune, med ei veldig sterk maritimt fokus, og eit sterkt og variert næringsliv.

Det må rett og slett settast ned eit utval som har dette som arbeid og målsetting, med representantar for politikk og næringsliv. Og gje Kinn tre nye år.