Dette innlegget av Jacob Nødseth er meint som eit svar til Arne Kråkenes sitt innlegg «Aldri før har eg blitt så skuffa og vonbroten over vegringa for å ta ansvar som i kjøkensaka i Kinn»

Både kommunedirektør Øyvind Bang-Olsen, dagleg leiar Halvor Halvorsen og styret i Bordgleder - understøtta av eksterne analyser - har levert sakleg etterprøvbare argument, i møte etter møte, månad for månad, år etter år, munnleg og skriftleg, om kvalitet og økonomi.

Dei som vil lese våre argument kan lese gjennom den omfattande dokumentasjonen og faktum som er lagt fram over tid.

Eg må berre konstatere at Kråkenes ikkje er interessert i anna enn påstander som byggjer opp under hans eige verdsbilete. Det kan eg ikkje gjere noko med. Den tidlegare britiske statsministeren Benjamin Disraeli sa det godt: «Eg er forplikta til å levere mine motstandarar argument, men ikkje forstand.»