Stad MDG vil verne mot taretråling

Vestland fylkeskommune har sendt på høyring forslag om å halde fram med taretråling ved Stad i strid med eit sterkt lokalt engasjement mot slik taretråling og i strid med Statsforvaltaren si tilråding om å vedta Stad marine verneplan.

I denne konflikten mellom vern av sårbar natur og framleis taretråling oppmodar Miljøpartiet Dei Grøne til å vere føre var i hausting av tare i Nordfjord.

Berekraft må vere ramma for all utnytting av naturressursar. Tareskogane er heilt sentrale økosystem langs kysten vår, og er eit viktig fundament for mange fiskebestandar. Det er stor usikkerheit kring kva effekt taretråling har, og vi har fleire eksempel der overhausting har gitt store øydeleggingar.

Allereie utan tråling er tareskogane utsette i åra framover. I møte med eit varmare hav som følge av klimaendringar er tareskogane sårbare. Det er difor særleg viktig å behalde hardføre økosystem som sikrar framtidige fiskerinæringar. Det inkluderer tareskogar som kan tole eit endra klima. Det er nødvendig for livet langs kysten, og for berekraftige fiskerinæringar.

Noreg har nyleg forplikta seg til Montreal-avtala der vi skal ta vare på 30 % av naturen under vatn innan 2030. Betydelege delar av tareskogane kan difor verte verna. Dette kan innsnevre moglegheitene til å drive berekraftig og lønsam hausting av tare – særleg om ein allereie har starta hausting. Sparar vi tareskog i dag har vi større spelerom til at dette kan vere ei næring i framtida. Vi må difor vere føre var og la tareskogane vere – for berekraftig natur og næring også i framtida.