Raudt vil kun følge avstemmingsresultatet i valkretsane i gamle Vågsøy

I folkemøtet i Florø i går informerte leiar i Kinn Raudt at dei kun vil følge valresultatet i valkretsane i gamle Vågsøy.

Vi har heilt i fra AKP/ML-tida visst at Raudt er ei revolusjonært parti som har revolusjon og totalitært nasjonalt regime som sin våte draum.

Dei har imidlertid i Kinn-saka vore eit av dei fremste pådrivarane for å få på plass ei folkerøysting for at innbyggjarane skulle kunne sei si meining om framtida for kommunen - framleis Kinn eller etablering av to nye kommunar.

Når Geir Oldeide i folkemøtet i Florø i går kveld uttrykte at avstemmingsresultatet i Kinn ikkje har interesse for Raudt, men at dei kun ville følge resultatet i valkretsane i gamle Vågsøy, så kjem ulven til syne sjølv om fåreklærne er pyntelig på plass.

Når så Senterpartiet også står fram og slår fast at avstemmingsresultatet i kommunen heller ikkje har interesse for dei, då må vi konstatere at vi har to parti i kommunestyret som ikkje er interessert i kva folket meiner - dei er kun interessert i kva ein del av kommunen meiner.

Eg reknar med at veljarane noterer seg kva demokratisk syn som ligg i botn hos desse to partia.

Eg reknar også med at dei andre partia i kommunestyret i Kinn legg seg dette på minne når valresultatet skal tolkast i begynnelsen av september.