(Du les no ein leiarartikkel som uttrykker skribenten si meining.)

Eg er åleine på jobb i avisa denne påska, og nyttar difor sjansen til å få med litt stoff om sau. Om eg hadde tatt dette opp på redaksjonsmøtet, ville eg nok møtt litt motstand. Då er det enklare å berre å få sauestoffet ut no når eg er åleine her.

Sjølvsagt bør ei lokalavis likestille dekninga av alle dyr, men eg må innrømme at eg set sauen ekstra høgt. Dei ivrigaste lesarane har nok fått med seg at oteren i det siste har fått ein del spalteplass i Fjordenes Tidende. Eg har difor ikkje så dårleg samvit for at vi akkurat no har litt fokus på sau.

Eg har vore sauebonde på lågt nivå sidan 2010, og den kjekkaste tida er våren når lam som Nilsine kjem til verda.

Nilsine har ein dialog med mor si, Agathe. Foto: Håvar Fagerli

Nilsine er kalla opp etter ein granne på Barmen som hadde bursdag i påska. Eg trur bursdagsbarnet var meir fornøgd med namnet enn Nilsine sjølv.

Nilsine er fødd inn ein flokk med 39 søyer av rasen gammalnorsk spælsau, og eg er altså den heldige sauebonden i denne flokken. Sauene får gå ute heile året, men har tilgang til husrom. Sjølv om sauene har tilbod om å gå i hus, er det sjeldan dei går inn. Dei fleste søyene vel å lamme ute i det fri, og Nilsine har med det vore ein friluftssau i heile sitt liv.

Nilsine ser lyst på livet som sau. Foto: Håvar Fagerli

Nilsine kom som det første lammet i flokken i år, og det er venta 60 lam i løpet av våren. Då blir det eit yrande liv i bakkane. Like kjekt kvart år.

Når eg heng med flokken, slår det meg at sauer ikkje er så dumme som nokre seier. Lamma blir tatt godt vare på av flinke, omsorgsfulle og påpasselege mødrer. Etter kvart som lamma veks til, leikar dei meir og meir med kvarandre. Det er artig å sjå korleis dei lærer og sosialiserer seg inn i flokken.

Eg tykkjer eg er heldig som får kome så tett på ein flokk, og sjå korleis dei kommuniserer og er der for kvarandre. For sauene må det vere trygt å kjenne at dei tilhøyrer ein flokk. Slik er det med oss menneske også. Vi treng alle å høyre til ein flokk, der vi kjenner oss trygge.

Flokken på tur med Stadhavet i bakgrunnen. Foto: Håvar Fagerli