Dei fleste innser at eigedomsskatten er kommen for å bli. Når den først er innført som inntektskjelde i ein kommune er den svært vanskeleg å bli kvitt igjen. Og den svir for mange. Spesielt i denne nye dyrtida vi er inne i der alt stig kraftig, både renter, strøm og matvareprisar.

Raudt har ved kvar korsveg prøvd å få dei andre partia med på å gjere denne skatten meir sosialt rettferdig ved å innføre eit botnfrådrag. Det vil fungere slik at ein slepp å betale eigedomsskatt for f. eks dei første 500 000 av verdien. For eitt hus til 1 mill. vil det seie at eigedomsskatten vert halvert. For ein med eit hus til 15 mill. vil det ha nokså lite å bety då eigaren må betale eigedomsskatt for 14,5 mill.

Det er mange andre skattegrep som kan gjerast for å minke forskjellane og bekjempe nyfattigdommen, men slike tiltak må gjerast i Stortinget. Botnfrådrag i på eigedomsskatten er eitt av dei få tiltaka vi kan gjere på kommunenivå. Tør vi håpe på at vi får med oss fleire på dette forslaget i år?