Oddgeir Nygård sitt innlegg fortener eit svar. Først og fremst fordi han kjem med påstandar som han unnlét å dokumentere. Og det er jo synd når hovudbodskapen hans er at ein må vere fakta- og kunnskapsbasert.

Nygård har flytta til Florø for nokre få månader sidan. Og akkurat det gjer han ekstra godt i stand til å vere objektiv i debatten om Kinn, om vi forstår han rett. Alltid godt med nye briller, bevares. Men at dei skal vere meir objektive fordi dei ikkje veit noko om historia, det er vel å trekke det langt.

Viss ein i debatten om Kinn ikkje tek omsyn til f.eks. den overkøyringa av folkeviljen som skjedde i Vågsøy før samanslåing, endar ein lett ei altfor grunn forståing av heile prosessen. Dersom ein ikkje veit at intensjonsavtalen som låg til grunn for at kommunane Vågsøy og Flora slo seg saman, har blitt sett til sett til side på avgjerande punkt, så vil eg meine at ein står i fare for å ikkje forstå mykje av det grunnleggande.

Og for å presisere akkurat det siste: Eg sat i kommunestyret i Vågsøy under samanslåingsprosessen. Stemninga var negativ til samanslåing med Flora. Først og fremst var det dette med kjøtvekta ein var redd for. I siste minutt (dagen før) avgjersla skulle takast kom det etter initiativ (frå Høgre etter deira utsegn) inn to svært viktige punkt i avtalen i tillegg:

1. Delt kommunesenter. Eit visst tal av toppleiarane skulle ha kontorstad på rådhuset i Måløy.

2. Ei unik satsing på innovasjon og utvikling i eit samarbeid mellom kommune, næringsliv og utdanningsmiljø skulle byggast opp i Måløy med ein eigen kommunalsjef for området som skulle ha sete i Måløy.

Begge desse punkta, som altså var avgjerande for at stemninga i Vågsøy kommunestyre enda med eit fleirtal for Kinn, er overkøyrt og endra av kommunedirektøren i Kinn. Alle toppleiarane sit no i Florø og den kommunalsjefsstillinga for innovasjon og utvikling er lagt ned. Dersom ein hadde visst at det skulle gå slik så hadde Kinn kommune i dag ikkje eksistert fordi det då ikkje hadde blitt fleirtal for samanslåing i Vågsøy kommunestyre.

Følelsar står ikkje i motstrid til fakta. Følelsar bygger ofte på fakta. Fakta er det som har skjedd. Så, når ein skal tru, spå eller meine om framtida så er det etter mitt syn svært så viktig at ein har med seg dei fakta som ligg til grunn for at vi er der vi er akkurat no.

Så kva fakta er det Nygård bygger på? «Robusthet» går ofte igjen i innlegget hans. Kva er dette? Korleis blir det målt? Eg må innrømme at eg aldri har heilt forstått dette moteordet og kvifor det skulle vere noko å streve mot. Eg slo opp på synonym for å bli klokare og fann m.a. følgjene:

Alvorleg, anstrengande, arbeidskrevjande, furet, grov, hardfør, humpete, jordnær, mettande, sammenvokst, solid, sterk, stormande, støyande, sunn, taggete tøff, ujamn og vanskeleg.

Utan ein nærare definisjon kva ein legg i omgrepet «robusthet» og kvifor det skal vere så positivt opp i mot andre ting vert dette berre prat. Og når vart denne auka «robustheten» målt, Nygård? Må vel vere gjort svært nyleg i og med at du ikkje kjenner så godt til det som har skjedd før du kom til Florø?

Er det eigentleg kommuneøkonomien vi snakkar om? Altså at ei robust kommune er ei kommune som har god og sunn økonomi og med reservar «på bok». I så fall er vi ikkje særleg robust. Kommunen er blant dei (viss ikkje den) med høgast lånegjeld pr. innbyggar i heile landet. Og då er det ikkje teke med at det er store prosjekt som endå ikkje er lånt opp.

Nygård opplever at dei som er ueinige med han bryr seg i stor grad om fortida og i liten grad om framtida. Det må vi respektere at han opplever, men det er slett ikkje sikkert det er eit faktum. Sjølv tenkjer eg mest på framtida og er oppteken av at det er på lang sikt vi må sjå om Kinn kommune er berekraftig og fornuftig. Så det kan godt vere at det er ein fordom hos Nygård når han hevdar dette. Mitt spørsmål er: Har du dokumentasjon på at den eine sida i debatten er meir oppteken av framtida enn den andre?

Så gjer Nygård ei samanlikning av privat og kommunal sektor og fortel om sine erfaringar. Han vart overraska over at dynamikken ikkje var så ulik, kva no det måtte bety. For meg seier det at han hadde fordommar om kommunal sektor.

Det er forståeleg at han tyr til dette grepet for å legge tyngde bak det at hans erfaring ligg i det private arbeidslivet. Men det er litt drygt når han etter få månader konkluderer med at (sitat:) «Den store forskjellen ligg, slik eg opplever det, at politikken ikkje alltid handlar om kunnskap, fakta og overordna smarte og gode grep for å bygge en god kommune og gode tenester til innbyggjarane.»

Flott formulert og på ein måte uangripeleg fordi «ikkje alltid» betyr «ikkje 100 %». Men det er ikkje det lesarane vil tolke utsegna til. Lesarane vil lese det i tydinga «ofte». Igjen, eg har full respekt for at han opplever det slik. Men er det sant? Eller er det ein følelse? Slike som han åtvarar så sterkt mot at vi skal legge vekt på.

Nygård har sjølv erfaring med at gammal og vond bagasje gjer det vanskeleg å vere fakta- og kunnskapsbasert. Ingen grunn til å tvile på at han kan ha det slik. Men mange vil vel meine at livserfaring, på godt og vondt, gjer ein betre i stand til å ta godt gjennomtenkte avgjerder i livet.

I innlegget hevdar Nygård at fleire prøver å undergrave og marginalisere (mi utheving) utsegnene frå kommunalt tilsette. Kvifor slike kjensleladde ord, Nygård? Er det ikkje greitt at det vert stilt spørsmål ved intervjuprosessen? Kven vart intervjua, korleis skjedde det osv.

Når det vert kjent at ingen «på golvet» er intervjua så reagerer mange på det. Dersom ein ville ha dei tilsette sitt syn dokumentert så burde ein vel ha spurt alle i ei anonym undersøking. Det er ikkje kjekt å høyre at det finst tilsette som føler at dei ikkje kan flagge meininga si. Og dersom det er rett at dei tillitsvalde i Vågsøy-delen ikkje blei spurde i prosessen må ein vel forstå at det vert stilt spørsmål? Det er faktisk ganske oppsiktsvekkande, spør du meg!

Til slutt i innlegget blir vi som ønsker å dele opp Kinn bedt om å svare å tre spørsmål om framtida dersom det vert deling. Mine svar er som følger:

  1. Om rekruttering. Det er ikkje berre lett å rekruttere i Kommune-Noreg. Det går stort sett bra, verst når det gjeld sjukepleiarar. Og dette gjeld både store og små kommunar. Eg vil tru, og no trur eg, at det kan verte lettare å få rekruttert til ei kommune der ein kanskje slepp å bruke mykje at arbeidsdagane sine på reising mellom to kommunedelar.

  2. Når det gjeld robusthet syner eg til det eg skreiv ovanfor

  3. Om framtidig kvalitet på tenestene. Alle med innsikt i politikk og forvaltning skjønnar at det er dei framtidig tilsette og folkevalde i Vågsøy og Flora som må sørge for kvaliteten på tenestene. Eg har full tillit til at det vil dei gjere. Det greidde ein i tidlegare Flora og Vågsøy. Kvifor skulle dei ikkje greie det i dei nye Flora og Vågsøy?