I dag er det første april, men du vil ikkje finne aprilspøkar i Fjordenes Tidende i dag. Auken i falske nyheiter har gjort at vi i den redaktørstyrte pressa ikkje lenger kan spøke med lesarane våre på denne måten.

Krigen i Ukraina og propandaen frå regimet til Putin viser oss at spreiinga av falske nyheiter dessverre berre er endå meir aktuelt. Til og med bilde og videoar blir manipulert for å lure folket til å tru på noko anna enn det som er verkeleg.

Falske nyheiter er eit mykje brukt våpen i ei hybrid krigføring, der ein også kjempar med andre våpen enn berre kuler og krut. Falske nyheiter er ein trussel for fred, demokrati og ytringsfridom.

Nokon tykkjer kanskje at ei uskuldig aprilspøk ikkje kan skade nokon, og at ein ikkje kan samanlikne det med falske nyheiter. Men om ein smakar litt på uttrykket falske nyheiter, forstår ein at aprilspøkar i ei redaktørstyrt avis nettopp er falske nyheiter.

Difor har det ikkje vore aprilspøkar i Fjordenes Tidende dei siste åra. Ein skal stole på at det ein les i Fjordenes Tidende er kvalitetssikra med bruk av eit breitt utval av kjelder og er grundig sjekka for fakta.

Det har blitt laga mange gode aprilspøkar oppgjennom tidene. Ein av dei mest kjente aprilspøkane var då Aftenposten i 1950 skreiv at Vinmonopolet hadde gått tom for flasker, og at folk kunne få gratis vin om dei møtte opp med bøtter.

Dei beste aprilspøkane er når nokon som blir lurte må gjere noko aktivt, som å ringe inn eller møte opp. Dette har også Fjordenes Tidende gjort, blant anna i 2012 der ein gjennom avisa kunne melde seg som statist til ein musikkvideo med ein kjent artist.

Sjølv om vi har slutta å lure lesarane våre, håpar vi at tradisjonen likevel held fram utanfor mediehusa. Ein god og uskuldig aprilspøk kan skape mykje latter og moro.