Onsdag kom det eit lesarinnlegg i Firdaposten og Fjordenes Tidende frå Kinn Raudt. Lesarinnlegget stilte spørsmål ved om det er sånn at gamle frå Flora kjem til å bli sendt på institusjon i Vågsøy. Raudt meiner at folk har kjent på ei usikkerheit om dette kan bli tilfelle. Då er det litt dumt at deira lesarinnlegg er skriven på ein sånn måte at folk no blir endå meir usikre.

For å byrje med det viktigaste. Eg trur dei fleste eldre i Kinn kommune har det ganske bra. Mellom anna har Kinn kommune fått ei nasjonal utmerking for sin eldrepolitikk i «Leve heile livet»-satsinga. Ein kommune kan sjølvsagt alltid bli endå betre, spesielt om ein brukar tid og ressursar på å utvikle tenestene sine.

I BDO-rapporten står det at Måløy har fått ei auke i tal institusjonsplassar, noko som vil kunne gje fleksibilitet til å ivareta personar frå søre del av kommunen. Skulle Kinn kommune bli delt vil ein naturlegvis ikkje ha denne moglegheita. Dette er ingenting anna enn reine faktaopplysningar som Kinn Raudt no brukar i det som kan tolkast som eit politisk spel, for å skremme veljarane før folkerøystinga. I denne saka er det viktig å skilje mellom korttidsopphald og langtidsopphald. BDO-rapporten omtalar berre korttidsopphald ved Kulatoppen som aktuelt å tilby til tenestemottakarar frå søre del av kommunen, det står ikkje noko om langtidsopphald.

Kor lenge eit korttidsopphald varer kan variere veldig frå person til person. Nokre treng kanskje berre tre dagar, medan andre kan trenge fleire veker. Det er ikkje sånn at pasientar frå søre del av kommunen blir tvinga til å ta imot tilbod om korttidsopphald på Kulatoppen. Mange av dei som blir skrivne ut frå sjukehuset i dag blir utskrivne veldig tidleg, og treng tilsyn som er meir omfattande enn det heimetenesta kan levere.

Mange har ikkje ein heim som er tilpassa deira behov etter at dei blir skrivne ut frå sjukehuset. Dei kan til dømes ikkje gå i trapper, og har gjerne bad og soverom i ulike etasjar. Skal ein ha korttidsopphald på institusjon i Florø er det på Furuhaugane ein får tilbod om plass. Kommunen vil alltid søke å yte tenestene sine så nær brukarane som mogleg. Om kommunen ikkje kan tilby korttidsopphald i eigen kommune, må dei kjøpe sengeplass på sjukehuset, noko som kostar omtrent 6.000 kr i døgnet. For mange som treng opptrening vil det vere betre å få korttidsopphald i institusjon, i staden for å bli liggande passiv på sjukehuset.

Om ein skulle komme i ein situasjon der ein ikkje kan gje tilbod om korttidsopphald ved Furuhaugane for tenestemottakarar frå søre Kinn, og det ikkje er mogleg å kjøpe sengeplass på sjukehuset, må tenestemottakarane og eventuelt deira pårørande ta eit val.

Om ein vel å takke nei til tilbod om korttidsopphald på Kulatoppen, vil ein då få tilbod om bustadkorttidsleige i Eikefjord eller Markegata, dersom det er ledig kapasitet. Om ein ikkje ynskjer dette må ein vere i eigen heim med tilsyn frå heimetenesta, sjølv om dette ikkje vil vere ideelt. Tilbodet om institusjonsplass vil alltid vere behovsprøvd. Blir det ledig plass på Furuhaugane vil ein sjølvsagt få tilbod der, sjølv om ein tidlegare har takka nei til korttidsopphald på Kulatoppen. For å unngå å komme i denne situasjonen er det viktig at vi kjem i gang med bygging av nye institusjonsplassar i Florø så raskt som mogleg!

Når vi seier vi vil utvikle, ikkje avvikle Kinn kommune, så handlar det også om å bruke tid, pengar og krefter på tiltak som betre omsorgstenester – ikkje gå baklengs inn i framtida gjennom ein dyr reverseringsprosess. Raudt derimot har saman med Sp det sistnemnde som si fremste fanesak. Kva gjev best omsorg til dei som treng kommunen mest?