Dette innlegget er skrive av Mette Vårdal, som er leiar i Noregs Ungdomslag:

– Bunaden er ikkje lenger kva han ein gong var

Det er den tida på året. Gatene over heile landet skal fyllast med bunadskledde barn og vaksne. I lengre tid har syersker sauma på spreng og lagt opp, ned, ut og inn dei plagga som har endra fasong i skapet sidan sist. Ferske konfirmantar får sin fyrste vaksenbunad, slik at den neste i arverekka kan ta over den dei har vakse frå. Det blir leita etter mansjettknappar og bringeduk i skuffer og skap. Googlesøket «tips korleis stryke bunadsskjorte» fyk opp på statistikken. For på ungdomshuset, i kyrkja og på champagnefestane i dei betre strøka av Oslo er det no høgsesong for bunader, sylv og nystrokne skjorter.

For nokre år sidan var eg på veg til eit danseoppdrag. Ei eldre kvinne stoppa meg. Det i seg sjølv var ikkje så uvanleg om ein viste seg i bunad på Karl Johan ein kvardag. Men denne samtalen vart annleis. Kvinna fortalde om då ho som ung jente gjekk i bunad ned den same gata ein gong på 1920- eller 30-talet. Ingen stoppa og ville gi kompliment eller høyre kor han kom frå, tvert imot. Ho vart møtt med ukvemsord, spytta på og kasta steinar etter. Kvifor? Fordi bunaden på den tida var eit sterkt symbol i ein aktiv kulturpolitisk kamp. Ein kamp som vekte sterke kjensler.

Då Det Norske Teatret opna dørene i 1913 med Jeppe på Berget i nynorsk språkdrakt av Arne Garborg, førte det til eit vekelangt opprør i hovudstaden. Ekteparet Garborg var sentrale i kulturkampen, og Hulda Garborg er vorten gitt æra for å vere mor til den norske bunadtradisjonen.

Men bunaden hadde fleire fødselshjelparar, også før Hulda Garborg si tid. Nokre såg potensialet i turistnæringa og nytta bunad som eit arbeidsplagg og for å syne tradisjonane. Overklassa kunne bruke bunad som turklede på fjelltur eller for å vere nasjonale, ikkje heilt ulikt Marie Antoinette som leika hyrdinne på slottet i Versailles. Lokale tradisjonsberarar og folkeminnesamlarar ønskte å bevare gamle skikkar og handverksteknikkar. Både dei venstreradikale og venstremoderate hadde bunaden som ein del av kulturkampen sin.

I dag er ikkje dette tema. Hulda Garborg sitt mål om å skape eit plagg som ikkje skiftar med moten kvart år, og som passar i dei fleste sosiale høve, har lukkast. Bunaden er vorten allemanns-eige og sjølvskriven del av store høgtidsdagar. At det også skulle bli eit statussymbol, hadde ho nok ikkje trudd, eller så trendy som ein mottrend at bunad til og med har vore brukt på den raude løparen til Oscar-utdelinga i Hollywood.

Då stortingspresident Olemic Thommesen fyrste gongen skulle opne Stortinget i 2013, vekte bunaden han bar, merksemd. Ikkje at det er uvanleg at stortingspolitikarar kler seg i bunad denne dagen, men Thommesen hadde ein svært fargerik variant. På spørsmål om kvifor han valde å gå i bunad denne dagen, svarte han at det var fordi «den står for noe». Sant nok, det gjer han. Men bunaden står for så mykje at ein vel symbolinnhald nett som det passar ein. Den allmenne aksepten og den brokete bakgrunnen tappar han samstundes for tung symbolikk med politisk slagside. No i 2016 er ikkje bunaden kontroversiell, men fyrst og fremst eit stovereint stasplagg.

Det kan likevel vere verdt å tenkje på desse maidagane at det ikkje alltid har vore slik det er no. At den kulturen vi i dag tek for gitt, er kjempa fram av nokon som har gått føre og betalt prisen for det. At nokon for berre eit par generasjonar sidan har meint at den kulturen vi i dag ser på som det norskaste av det norske, ville øydelegge nasjonen og den norske kulturen. Det kan òg vere verdt å minnast dette når ein møter nokon på Karl Johan eller ein annan plass med framandarta klesdrakt. Kulturen endrar seg, og godt er det.