Denne kommentaren er skriven av redaktør i Fjordenes Tidende, Erling Wåge.

Ja, er det ein god og framtidsretta «deal»?

Ein forhandlingsdelegasjon frå Vågsøy har hatt tre møter med ein delegasjon frå Flora kommune. Og vips så er det utarbeidd ein intensjonsavtale om at dei to kommunane som har ei tredje kommune mellom seg skal bli ei kommune. Vågsøy sin ordførar, Kristin Maurstad er svært godt fornøgd. Ho seier der er ein god «deal» trass i at dei som har forhandla for Vågsøy har svelgt fleire kamelar.

Betyr dette at Vågsøy denne gongen har oppnådd meir enn dei ville fått ved å gå i samtalar og samarbeid med naboane Selje og Eid om å bli ein del av deira kommunar? Både Eid og Selje ville gjerne ha Vågsøy med. For oss som har stått på utsida av dette spelet så lurer vi på kva som er galt med kjemien mellom Vågsøy, Selje og Eid? Kvifor ville ikkje Vågsøy-politikarane gå i samtalar i den siste runden då Selje og Eid la kabalen som fleirtalet av politikarane i dei to kommunane har gått for?

Dersom ikkje Bremanger kommune, som ligg midt imellom Vågsøy og Flora, blir ein del av ei ny kystkommune, anten ved tvang eller ved at dei blir lokka inn, så er det lite framtidsretta med ei delt kystkommune. Avstandane blir for store og kulturen og banda blir for ulike. Geografisk og i avstand så kunne Vågsøy like godt slått seg saman med Stryn kommune. Det tek nesten to timar med bil kvar veg mellom Måløy og Flora dersom dagens smale og svingete kystveg er framkommeleg og ferjene går. Det går tre båtruter kvar veg fem dagar i veka mellom dei to byane. Det er ikkje godt nok for å skape nærleiken som trengst for at folk i dei to kommunane skal føle seg som eitt. Dersom Bryggja får godkjent søknad om å bli ein del av Eid/Selje kommune, så vil Vågsøy bli veslebror med under halvparten av folketalet til Flora.

I intensjonsavtalen står det at ei fellesnemnd skal gå gjennom samarbeidet som Vågsøy og Flora har med andre kommunar. Målet er at den nye kommunen skal løyse dei fleste av oppgåvene sjølve. Betyr det at mykje av det nordfjordkommunane samarbeider om i dag blir kasta på båten? Trekkjer Vågsøy seg ut av Nordfjord Vekst, hamnesamarbeid, IKT-samarbeid, legevaktsamarbeid og PPT-samarbeid for å nemne noko? Er dette framtidsretta? Blir det i så fall så mykje betre og meir effektivt å samarbeide med Flora som ligg så langt unna?

Ei heilt anna problemstilling er kva verdi og varigheit ei signert avtale har. Det er fleire eksempel på at skriftlege politiske avtalar ikkje er så bindande som mange trur. Dei gjeld fram til det skal fattast konkrete vedtak. Då er det kjøtvekta som bestemmer,

Etter at Vågsøy og Flora er samde om organiseringa i intensjonsavtalen så er det vel ikkje så mykje meir dei kan lokke Bremanger inn i ein slik kommune. Det meste er vel fordelt. Ergo så må regjeringa, dei som har starta kommunereforma, gripe inn med sine styringsverkty skal det bli ei god og slagkraftig kystkommune der alle desse tre er med. Skal denne regionen moderniserast så må den bli eitt.

Skjer ikkje det så bør prosjekt  Kinn, Flora + Vågsøy, revurderast, ja helst skrinleggast. Då bør politikarane i Vågsøy gå på kne og be seg inn i ekteskap med naboane som dei samarbeider tett med på mange område i dag, Selje og Eid. Skal det bli gode tenester til innbyggarane i denne regionen, noko som er viktigare enn både namn og plassering av offentlege kontor, så bør kommunane henge saman i eit fellesskap.