Havbruksnæringa er ei svært viktig distriktsnæring i Sogn og Fjordane. Saman med leverandørindustrien og anna næringsliv i deira nærområde er dette ryggrada i mange lokalsamfunn på kysten. Dei skattegrepa som no er føreslege, saman med tidlegare skatteauke, vil gjere det svært krevjande å skape vidare vekst og trygge sysselsettinga i havbruksnæringa.

Særleg gjeld dette forslaget om ein ny grunnrenteskatt på 40 prosent av driftsoverskotet. Saman med auka formuesskatt, auke frå 500 til 750 millionar kroner i produksjonsavgifta som var innført i 2020 og ein ny naturressursskatt på 750 millionar kroner vil dette bli ei kraftig skatteskjerping som vil gå ut over lønsemda, framtidige investeringar og arbeidsplassar.

Det er ikkje første gongen det kjem forslag om auka skattlegging av havbruksnæringa. I 2019 la Havbruksskatteutvalget fram sitt arbeid der ein føreslo å innføre grunnrenteskatt på næringa. Dette vart avvist av Solberg-regjeringa etter sterkt press både frå næringa og politiske parti. I staden kom det ei ny produksjonsavgift der mesteparten av pengane gjekk til kommunane der anlegget ligg. Sogn og Fjordane Næringsråd deltok svært aktivt i arbeidet mot forslaget om grunnrente på havbruk fordi det er svært negativt for vidare utvikling av denne viktige distriktsnæringa. No er det på’an igjen.

I Vestland var det i 2021 sysselsett 15.800 personar i heile sjømatnæringa (havbruk og fiskeri). Av desse var 9.200 direkte sysselsett og 6.700 indirekte i tilknyting til næringa. 29 prosent var sysselsett i leverandørindustrien, som også er ei svært viktig distriktsnæring i Sogn og Fjordane. Kinn kommune er nummer 2 på lista over kommunar i Vestland med flest sysselsett i sjømatnæringa med 1.232 personar sysselsett. Dette er heile 25 prosent av sysselsettinga i kommunen. Verdiskapinga for heile næringa var på 18,6 mrd. kroner i Vestland i 2021.

Dessverre har det i lang tid vore sterke utsegner mot havbruksnæringa mellom anna med påstandar om at dette er ei «rikfolks-næring». Dette gjeld både riksmedia, hovudstadsavisene, kommentatorar og mange politikarar. Dei politiske redaktørane i VG, Dagens Næringsliv og økonomikommentatoren i NRK heiar på grunnrenteskatten for oppdrettsnæringa og hevdar at det er på tide at denne næringa betaler leige for sjøareala dei brukar. Dette kom mellom anna fram i ein leiarartikkel i VG av Hanne Skartveit sist veke der overskrifta var «Stå i mot lobbypresset».

Kvifor opplyser dei ikkje om at produksjonsavgifta som vart innført i 2020 nettopp er ei arealavgift for oppdrettsnæringa og at det no kjem det ei ny «leigeavgift» for det same arealet? Kanskje bør dei ta seg ein tur til dei flotte familieeigde oppdrettsbedriftene i Sogn og Fjordane for å lære kva som skjer der?

Då statsministeren og finansministeren lanserte dei nye skattane for havbruksnæringa var det tre viktige føresetnader. Dei minste familieeigde selskapa skulle skjermast, vertskommunane skulle sikrast større inntekter og investeringane i selskapa skulle ikkje råkast av omlegginga. Den siste føresetnaden har allereie marknaden svara på med at verdien av dei børsnoterte oppdrettsselskapa vart reduserte med 60 milliardar kroner rett etter at dei nye skattane vart presentert. Det betyr mindre pengar til viktige investeringar og omstilling.

Dersom forslaga frå regjeringa som statsminister Støre og finansminister Slagsvold Vedum la fram 28. september 2022 blir vedteke vil det truleg vere eit av dei mest dramatiske skatteforslaga som ei regjering har kome med på lang tid. For mange i denne næringa har dette blitt karakterisert som tidenes skattebombe. Det blir no jobba med å få fram konkrete tal på konsekvensane av alle skatteforslaga regjeringa har kome med i statsbudsjettet. Sogn og Fjordane Næringsråd vil følgje opp dette gjennom handsaminga av statsbudsjettet i Stortinget i haust, mellom anna basert på fakta og konkrete tal frå våre medlemar i Sogn og Fjordane.