I 2017 hadde Kåre Myklebust frå Svelgen ein fleip om tunnelopning Svelgen-Indrehus i 2040. I dag, fem år etter, skriv han, eller skal vi seie «samferdselsministeren» 2040, i dette spøkefulle innlegget at skal det bli trygg veg på denne strekninga, må han byggast langs fjorden:

Då eg i 2017 som samferdselsminister i 2040, planla opning av tunnelen Svelgen – Indrehus, var Bremanger kommune ein del av Sogn og Fjordane fylke med god økonomi og klare prioriteringar. No er det Vestland, med dårleg økonomi og mange uløyste vegprosjekt.

Tunnelen mellom Svelgen og Indrehus vil bli teken ut av alle planar og erstatta med ein fin og trygg veg langs fjorden. Departementet har bestemt at dei 15 millionane som ein sparte på oppdeling av Kinn, skal Vestland få til planleggingsmidlar av etappevis utbygging av vegen Svelgen – Indrehus.

Vi vil og tilrå at plannemnda tek kontakt med Per Ytrehus som har jobba litt med vegen langs fjorden. Kåre Teigene hadde og gode løysingar. Desse ligg tilgjengelege på kommunen.

Det er viktig at ein raskt kjem i gang med planarbeidet slik at vegen i sin heilskap står ferdig om 18 år, 2040. Som samferdselsminister i 2040 skal eg vere på plass og opne den nye vegen.

Lukke til.

Samferdselsminister 2040