Sp lovar alt

For nokre få dagar sidan mottok eg Stad Sp sitt valprogram. Eg må innrømme at eg vart heilt overvelda etter å ha lest igjennom programmet.  Eg skulle ønskt at vallovnadane til Stad Sp var truverdige, men mykje av det som står i dette programmet er totalt urealistiske lovnadar. Stad Sp sin ordførarkandidat er også medlem av Sp sitt sentralstyre. Sp sin partileiar, Vedum, har lært godt opp sin partikollega frå Haugen til å reise rundt og love alt mellom himmel og jord, som han veit godt er berre bløff. Vi såg kor det gjekk med Vedum og Sp etter valet.

I midlertid er det to ting i valprogrammet som Sp lovar at dei skal gjennomføre. Dei skal ikkje legge ned skular og dei skal syte for at det skal stå klar institusjonsplass den dagen nokon treng den.

Min påstand er at å love at det skal stå klar institusjonsplass den dagen nokon treng den er å love noko som Stad Sp ikkje har muligheiter til å halde.

Eg stiller meg også undrande til lovnaden frå Sp om at dei vil arbeide for å rekruttere helsefagarbeidarar, sjukepleiarar og legar til kommunen. Når Barbro Longva fortel oss at kommunen mest ikkje får ein einaste søkjar til slike stillingar, så ville det vore interessant å få konkretisert korleis Sp vil løyse dette. Å love slike ting i sitt valprogram meiner eg er å halde dei som jobbar i helsesektoren for narr, når ein veit at dei «spring nesten livet av seg» for å vege opp for allereie for få tilsette i denne sektoren. Kvifor har ikkje Sp kome med forslag om å betre dette tidlegare, når dei meiner dei har løysinga for å retta opp mangelen på personell til helse og omsorg.

No vil Stad Sp heilt sikkert svare meg med at i programmet deira har dei berre lova at dei skal arbeide for sine lovnadar. Då vil det kanskje vere mange veljarar som ikkje trur noko på vallovnadane deira, og kanskje røyste på ande parti.

Problemet er berre at Stad Sp ikkje er åleine å love alt. Det gjer dessverre også fleire.

Stad Høgre sin ordførarkandidat går så langt at han skriv at dersom han ikkje vert valgt til ordførar i Stad kommune, så kjem han fortsatt til å bu i Oslo.  Eg lurer på kor mange som vil gje si røyst til ein person som stiller til val i ei kommune som han ikkje ønskjer å tilhøyre og bu i.

Trur kommunepolitikarane at vi veljarane er dumme.

Eg fryktar at svært mange kjem til å la vere å røyste ved komande kommuneval.