Vi treng eit godt fritidstilbod i heile Stad

Stad Senterparti meiner at tilrettelegging for busetting i heile kommunen skaper vekst. Stad kommune strekk seg frå inst ved Hornindalsvatnet til ytst i Ervik. Det er ein langstrakt kommune med variert natur som byr på alt frå nakne klipper som står mot storhavet, til rolege fjordarmar og dalar. Ein kan stå på snøbrett på Harpefossen, gå på ski i Fladalen og stå på surfebrett i Hoddevika. Moglegheitene knytt til opplevingar i naturen er nesten utan grenser. I tillegg er kommunen rik på organisasjons- og kulturliv i alle krinsar. Operahuset byr på eit så allsidig og tett program at det gjev ein urban følelse av å bu ein stad der det skjer mykje meir enn du kan få med deg. Opera Nordfjord og Malakoff syner at alt er mogleg. Dugnadsånda står sterkt i kommunen og er ein av våre største verdiar som vi må ta vare på i framtida.

Senterpartiet meiner vi må jobbe for eit godt fritidstilbod i heile kommunen som dekker dei langsiktige behova for skulen, idretten og kulturlivet.

For Senterpartiet handlar det om alt frå å jobbe aktivt for betre utnytting av nærmiljø og naturen i høve turstiar, samlingsplassar og naturleikeplassar, til større investeringar i idrettsanlegg og kulturbygg. For å lukkast med å skape bu-lyst framover og med det gjere Stad kommune attraktiv for tilflytting, vil vi støtte opp under arbeidet som til dømes idrettslaga og musikkorpsa gjer. Dragseidspelet, Selja kloster, Seljecup, Malakoff, Opera Nordfjord, Norsk Fjordhestsenter, Fellesanlegget Tua og Harpefossen Skisenter er gode døme på kor viktig samspelet mellom kommunen, det frivillige organisasjonslivet, og idretten er.

Vi må bygge vidare på det fantastiske kulturlivet, og alle dei flotte organisasjonane som gjer at vi kan leve gode, rike og meiningsfulle kvardagar i Stad. Vi i Stad Sp er overtydde om at lukkast vi med det, så vil vi også lukkast med å tiltrekke oss nye innbyggjarar, og sikre rekruttering til arbeids- og næringslivet i den flotte kommunen vår.