Har de dott i øyra? Det seier eg til mine born når dei ikkje høyrer etter. Til liks med borna mine, er det ikkje evna til å høyre som er utfordringa hjå kommunedirektøren. Det er viljen til å lytte.

Av ein eller anna grunn er det kjapt som er avgjerande når Stavang skule skal til pers. Det er tydelegvis blitt ein skikkeleg verkebyll.

Som ei sprøyte med bedøving bak ryggen gjeld det å overrumple born, foreldre og lokalsamfunn. Alle avgjerd skal skje hastig. Det avgjerande stikket må komme raskt, for å få det overstått. For ein plan over skulestruktur, som spring ut av kommuneplanen sin samfunnsdel der framtida til kommunen er meisla ut, den planen kjem aldri. Skular i Kinn treng ein ikkje planlegge for framtida. Planen er heller å agere ut frå desperasjon. Desperasjon for å få utført noko. Så berre ein får overrumple med dette bedøvande stikket, då er jobben gjort. Då kan ein kvile og berre vente på den bedøvande effekten komme når nedlegging er eit faktum.

Dei formelle grunnane er til stades, seier kommunedirektøren. Alle instansar har latt seg høyre i ingenting, for saksgrunnlaget mangla både utgreiing av nærskuleretten, barnet sitt beste, reisetider eller tal på innsparing. Definisjonen på ein demokratisk prosess er ikkje å legge utgreiing i saka etter den har vore på høyring. Reisetider og kostnadstal stemmer ikkje. Men det skal ikkje vi ikkje høyrast i.

I handlingsprogrammet for 2020 vedtok Kinn kommunestyret at arbeidet med ein skulebruksplan skulle starte. På ny i april 2021 bad Kinn kommunestyre om ein skulebruksplan. I mars 2022 gjorde oppvekst og kulturutvalet vedtak om endring av forskrift for opptaksområde kan ikkje gjerast før ein vedteken skulebruksplan for Kinn kommune ligg føre. Same vedtak gjorde dei i november 2022.

Men politikarane kan berre drøyme om å jobbe med politikk, med planverk og framtidsvisjon. Dei skal vedta opptaksområde. Slik som administrasjonen har bestemt. For kommunedirektøren har fjerna Stavang skule frå budsjetta for mange år sidan. At den formelt enda ikkje er nedlagt, må irritere veldig. Som ein verkebyll.

Neste skuleår er det elevtalsauke ved Stavang skule. Kinn kommune har vedtatt ein reguleringsplan for nye hustomter i Stavang. Investorar ynskjer å satse i Stavang, dei ynskjer Stavang skal vere eit lokalsamfunn i vekst. Kva ynskjer Kinn kommune?

Vi er skårfaste, seier kommunedirektøren. Då er det viktig å ikkje skyte vitet, seier FAU ved Stavang skule.