Dette innlegget er skriven av Karl Egil Johansen.

Skal vi bli sunnfjordingar?

Den pågåande prosessen om samanslåing av kommunar er blitt ei uryddig og merkeleg affære. For Vågsøy sin del synest fleirtalet i kommunestyret å ha blitt så grundig fornærma av Selje og Eid at dei har vore villige til det mest i forhold til Flora. Det ein sit igjen med etter forhandlingane er vage løfte om kva ein skal satse på, i Vågsøy blant anna ein fleirbrukshall. (– Kva tid har idretten fått nok i ein kommune som synest å ha det så travelt med å leggje ned skular?)

Når det gjeld kommunesenter, kapitulerte representantane frå Vågsøy med ein gong. Det vart Flora. Men det mest merkverdige er namnet. Etter forslag frå Vågsøy skal det vere Kinn. Eg skal på dette området ikkje gå den kunnskapsrike Eid-lektoren Kjell Nøstdal i næringa, men her er ein på ville vegar.

Kinn er jo ei lita øy sørvest for Florø. I sin tid var dette namnet på ein kommune som omfatta store delar av ytre Sunnfjord. Seinare vart fyrste Florø by utskilt (1860), deretter Bremanger (1866) og endå seinare Bru og Eikefjord (1923).

Det er derfor forståeleg at representantane frå Flora straks omfamna Kinn-forslaget. Men ut frå Vågsøy si historie og geografiske plassering er det ikkje til å begripe. Det er som om ein representant frå Flora skulle foreslå Kråkenes. Skal alle vågsøyværingar, heimebuande eller utflytte som underteikna, no måtte seie at heimkommunen vår er Kinn? Som nordfjordingar bør vi protestere mot dette forsøket på gjere oss til sunnfjordingar.

Til Edvard, som eg kjenner både frå oppveksten og Tornado-miljøet: Du ha vore ein framifrå mann både for heimbygda vår og for bygdene ikring. Men dette forslaget kunne du ha spart deg.