Dette er ein delt meining, og den sto på trykk i Fjordenes Tidende tirsdag 29. september. Innlegget er skrevet av Ole Bosnes, leiar i Selje Ap.

Eva Janne T. Årvik spør i Fjordenes Tidende på fredag politikarane (i Selje) om det er slik å forstå at KrF oppfordra til brot av ei inngått pakt (avtale), eller fortalde ikkje Selje Ap at dei allereie hadde inngått ei pakt?

Til det er å seie: Verken KrF eller andre har på noko tidspunkt oppfordra eller uttrykt ønske om at Selje Ap skulle bryte ei avtale. Rett etter partiet sitt medlemsmøte førre måndag, sende underteikna SMS-melding til Gunn Sande (Sp), om at møtet samrøystes hadde vedteke å gå frå avtala frå kvelden før.

Ingen i Selje Ap sitt forhandlingsutval gav tilbakemelding til KrF, Tvpl eller tidlegare Sp-medlem om at eit avtaleutkast var underskrive. Det hadde andre ansvaret for å gjere. Vi tok ikkje initiativ til prosessen som kom i gang utpå føremiddagen måndag 21. september.

  • Ønsker du å delta i debatten? Send ditt innlegg til fjt@fjt.no