Dette innlegget er skrive av Alfred Solibakke.

Kommunereform og fylkesgrense

Etter mykje fram og tilbake om fylkesgrense og kommunereform er det interessant å sjå kor mykje særinteresser og fogderi som kjem fram. Politikarane må no stige av kjepphestane sine, og kome saman med ei positiv innstilling for å få ei god løysing på problemet som regjeringa har kasta på kommunane.

Å slå saman kommunar som ikkje har grense til kvarandre verker rart og kan ikkje vere ei god løysing. Det skapar berre forviklingar og store avstandar.

For Vågsøy sin del bør ein spele på lag med dei næraste kommunane som Selje, Eid og kanskje også Vanylven. Geografisk sett er det ei heilt naturleg løysing. Nordsida av Nordfjord ligg meir tilrette for å tilhøyre Møre og Romsdal og ikkje til Hordaland. Det verker som namnet Sogn og Fjordane skal strykast frå norgeskartet, og då bør vi søke oss nordover til «Møre».

Møre og Romsdal skal visstnok framleis vere eige fylke. Næringslivet i vår region er nærare knytt til «Møre» enn til Hordaland. Vi har mykje å bidra med innan fiskeindustri, verftsindustri, båtbygging (Saga), bergverk (Olivin), datalagring, kjøpesentra, landbruk og eit rikt kulturliv i ein slik kommune. Sjukehus har vi også.

Med Stad skipstunnel vil ei tilknytting nordover vere endå meir aktuell, med hurtigbåt heilt til Ålesund.

La fylkesgrensa gå midt i Nordfjorden. Vil vi sørover er det eit godt båtrute tilbod med fleire alternativ, eller køyre Kystvegen med bru over fjorden. Kontaktane sørover kan oppretthaldast i eit interkommunalt samarbeid som i dag.

Med ei samanslåing som skissert vil det bli eit innbyggjartal på mellom 15.000 og 20.000 i den nye kommunen. La oss slå oss saman på «kysten». (Eid er ikkje så langt frå kysten). Gjer som stryningane, sjå nordover.