Denne veka vart skattelistene for inntektsåret 2021 lagt ut. Fjordenes Tidende har, som dei fleste andre mediehus, valt å offentleggjere inntekta, skatten og formuen til eit utval av skatteytarane i vårt område.

I Norge har vi lange tradisjonar for openheit om skatten som blir betalt inn til statskassa. Sidan 1863 har skattelistene vore offentlege i Norge. Det har vore omstridt, og det vi veit at det er ulike meiningar om dette blant lesarane våre. Derfor vil vi kort gjere greie for kvifor Fjordenes Tidende publiserer skattelistene og lagar redaksjonelt stoff på grunnlag av inntekt, skatt og formue.

Vi meiner at det skal vere openheit i samfunnet vårt, også om personar si inntekt og formue og kva dei bidreg med tilbake til fellesskapen.

Innsyn i skattelistene er viktig for at folket skal kunne ha tillit til skattesystemet. Debatten om korleis skattesystemet fungerer blir meir open, og det meiner vi bidreg til å styrke demokratiet.

Med openheit om skattelister vert det fort synleg dersom det ikkje er samsvar mellom det ein har og det ein bidreg med til felleskassa. Når i praksis kven som helst kan undersøke samanhengen mellom inntekt, formue og skatt, blir det vanskelegare å jukse. På den måten kan offentlege skattelister vere med på å førebygge økonomisk kriminalitet.

Skattelistene er med å danne grunnlag for journalistikk som kan få fram utilsikta ulikskap i samfunnet. Debatten om auka skilnader i samfunnet ville blitt mykje mindre opplyst om vi ikkje hadde kjennskap til kva folk tener, og kva formue dei sit på, og kva dei betalar i skatt. At pressa har tilgang til skattelistene, og kan drive kritisk journalistikk rundt disse, er heilt avgjerande i eit oppegåande demokrati.

Det vert sagt at pengar er makt, og det er ikkje til å kome ifrå at dei med store økonomiske ressursar kan ha makt til å påverke i større grad enn andre. Derfor er det relevant kven som tener mest og skattar mest i lokalsamfunnet.

Redaktøren i Fjordenes Tidende står også på ei av dei publiserte listene på fjt.no, med ei netto inntekt på kr 558.017 og skatt på kr 203.925 i 2021.