Betraktningar rundt vindkraft på Bremangerlandet

Då var det full jubel i ytre Bremanger: vindturbinar som kunne øydelegge heile livsgrunnlaget i ytre del av kommunen vart det ikkje noko av.

Eg er imponert over kor stor vekt dei lokale har tillagt miljøomsyn i denne saka. Kommunen vel å takke nei til utbetalingar på omtrent 350 millionar som dei kunne fått dei neste 25 åra.

Det er viktigare å sleppe vindkraft i nærmiljøet enn å ha helsetun og ha nattevakt på omsorgsbupel. Eg reknar med indre delar av kommunen er einige i prioriteringane.

Men noko skurrar, eg saknar heilskapen i desse omsyna. Eg kan ikkje seie eg har sett det same engasjementet og kampen for redusert forbruk som er eit særs viktig moment i miljøkampen. Eg har sjekka med NOMIL/SSB og det er ikkje reduksjon i mengda søppel som kjem frå området dei seinare åra. Heller ikkje bilbruken (slitasje på bildekk gjev mikroplast i naturen) vil eg seie er redusert. No bur eg ikkje i Bremanger og er ikkje dagleg i bygda, men det er svært sjeldan eg ser folk som syklar i bygda. Det er bil som er tingen. Kommunen og nei-røyrsla har lagt stor vekt på at eit vindkraftanlegg vil øydelegge urørt natur. Her er det med stor interesse eg merkar meg at kommunen ikkje har hatt dei store motsegna mot bygging av via-Ferrata til Hornelen. Ut frå eigne observasjonar vil eg hevde Hornelen er meir urørt natur enn Steinfjellet. Der står Steinfjell-sendaren og dit er det veg.

Slik eg forstår det er miljø ei global utfordring. Men når det ser snakk om å dele straum med Europa ser eg at miljøomsyn ikkje er eit moment. Då gjeld det å behalde straumen; det framstår for meg som om mange trur det er ein menneskerett for nordmenn med billeg straum. Eg vil seie det no er eit godt utgangspunkt for å spare straum i Norge. Kanskje det for fyrste gong i historia er mogleg å sjå nedgong i straumforbruket? Elles er det fleire ting som er interessante ved denne saka. Ordføraren står fram og seier ho støtter grunneigarane i saka; til informasjon så er det eit mindretal av grunneigarane som er i mot prosjektet. Kvifor støtte mindretalet og ikkje fleirtalet? Eller er ikkje fleirtalet av grunneigarar dei rette folka å støtte? Det har vorte hevda at om det kjem vindkraftanlegg på Bremangerlandet, så vil ikkje folk flytte attende. Personleg trur eg det er heilt andre ting som hindrar tilflytting. Folk vil heim til bygda dei kjem frå. Kjem ein frå Rugsund, Davik eller Ålfoten er eg ikkje sikker på at Hauge og Svelgen står høgast på lista om ein flyttar heim til kommunen.

Og viktigare enn vindkraft vil eg seie er eit godt bygdemiljø. Men når eg ser korleis vaksne oppfører seg, trur eg det er mange som ikkje føler at det er eit godt bygdemiljø. Motvind/nei-røyrsla har kalla vindkraftbransjen for mafia, men eg er litt usikker på om dei veit kva dei snakkar om.

Det var ikkje noko problem å seie at ein var tilhenger for 2-3 år sidan. Men noko har skjedd. No trur eg ikkje folk torer å stå fram. Eg veit ikkje kor mange eg har snakka med det siste 1/2-1 året som ikkje torer å stå fram då dei er redd for sanksjonar. Og eg ser sjølv at folk som har helst i alle år, nå overser ein glatt. Kva gjer dette med haldningane til born og unge? Dei ser jo korleis dei vaksne held på. Eg må seie det er skremmande og det ville vere mitt største ankepunkt om nokon seier dei vil flytte til kommunen. I vert fall til ytre delar.

Det var slått opp i lokalavisene at mobbing i kommunen hadde gått ned frå 19 prosent (2017) prosent til 12 prosent i 2021. Til samanlikning er landssnittet på ca. 9 prosent og i «Sogn og Fjordane» er snittet på 6 prosent. Eg vil hevde at ein del vaksne i ytre, langt i frå viser seg som gode førebilete.

Etter å ha vore engasjert i vindkraftsaka er eg rimeleg sikker på at mobbeprosenten neppe har gått ned, heller opp.

Eg har sett kor viktig det er med nettverk og lobbyverksemd. Nei-røyrsla har sidan 2019 jobba etter oppskrifta (som er i gråsona) dei fekk frå regjeringsadministrasjonen;

Korleis trenere saka for å unngå erstatningsansvar. Den har vore særs effektiv.

Korleis saka har vore handtert har ikkje auka mi tillit til lokaldemokratiet. Enkelte motstandarar har ytra støtte til atomenergi. Eg reknar med desse tek kontakt med Trond Mohn for å stille område til dispensasjon og at ikkje den «oppskrifta» vil verte nytt i ei slik sak.

Dette gjer òg at eg ikkje synest nei-røyrsla fortener å «vinne» saka. I denne saka rår verken demokrati og ytringsfridom i Bremanger kommune. Motargument er viktig, og burde vore nytta til å få eit så bra prosjekt som muleg med lokale eigar interesser. Ikkje blokkere alt i desse tider då det trengs meir straum.

Eg håpar elles at tilhengarane i ytre gjer slik ytre Bremanger håpar på; det skal leggast til rette for turistar. Så det er berre å flytte og komme attende i ferier; då vil ein nok verte gjort stas på!