Dette lesarinnlegget er skrive av Øystein Sandøy:

«Enjoy the ride»

Når ein i desse dagar får Fjordenes Tidende i hende, blar gjennom avisa og ser lesarinnlegga, så blir ein ikkje spesielt overraska over temaet i dei aller fleste: Kinn/ikkje Kinn!! Sei kva de vil om Vågsøyværingane, men tale – og skriveføre er dei. Det kan nok vere at ytringsfridomen ikkje er altfor godt ivareteken rundt om i verda, men her hos oss lever denne retten på aller, aller beste vis. Gudskjelov!

Eg er så absolutt for kommunesamanslåing, men er redd for at denne reforma sette feil fot ut av senga.

Ved førre korsveg hadde vi Schei-utvalet, som teikna kommunekartet på nytt, slo klubba i bordet og sa at slik blir det. End of story! Folk kunne protestere til krampa tok dei, og mange gjorde det sikkert og, men då var det i det minste ein, enkel instans å rive seg ut over. Eg skulle ynskt at ein gjorde det på same måten denne gongen og, i staden for å overlate det til dei enkelte kommunar, med undersøkjingar, folkerøystingar og det heile. Vi er no eingong vestlendingar, og våre styrande burde vite at er det noko vi kan, så er det å halde liv i ein nabokrangel.

Det er mykje sanning i munnhellet at ein nabokrangel på Vestlandet som varer mindre enn tre generasjonar er nærmast å samanlikne med ein kjærleg omfamnelse.

No står vi midt oppe i det. Men eg tilstår: Eg er litt arm og lei av eit bilete som stort sett blir teikna i svart/kvitt. Frå eine sida høyrer vi: Blir Kinn ein realitet, så kan vi gløyme alt som heiter sjølvstyre. Vi blir konstant overkøyrde av ein grådig nabo i sør, og må nøye oss med dei eventuelle smulane som blir til overs. Frå andre sida er tonen den at med Flora på laget, så står vi så mykje sterkare, og blir ein kystkommune som i kraft av sin storleik blir eit markant tyngdepunkt på Vestlandskysten.

I denne konteksten blir så debatten førd, med steile frontar og piggar ute. Men eg nektar å tru at valet står mellom gull og grøne skogar, og Svartedauen.

Her er, som i alt anna fordelar og ulemper, og så får vi ha såpass tiltru til våre folkevalde at dei er i stand til å vege desse opp mot einannan, og kome ut i pluss. Same kva den endelege løysinga måtte bli. Men eg trur at denne prosessen er komen så langt at han vanskeleg let seg snu. Folkerøysting er så si sak, men det er slett ikkje gitt at ei slik gjev eit eintydig svar, og at svaret på sikt blir det rette.

Eg grip meg i å dra ei samanlikning med tidlegare president i USA, Gerald Ford. Han fekk den mildt sagt utakksame jobben å overta etter den skandaliserte Richard Nixon, og noko av det første han gjorde var å gje fullt amnesti til forgjengaren sin.

Den jamne amerikanar hadde då gladeleg ete han levande, men etter som tida gjekk innsåg dei at Ford gjorde det rette. USA måtte berre leggje Watergate-saka bak seg, og det innebar å frita Nixon frå all vidare rettsforfylgjing.

Eg trur det same vil skje i ein framtidig Kinn kommune. Det vil bli murra og ropt både her og der, men i tidas fylde vil vi sjå at ting går seg til.

Kommunikasjonane vil sakte og sikkert bli betre, og kven veit; kanskje Bremanger ein vakker dag ser seg tente med å slå seg i lag med oss. Velkomne skal dei vere!

Vil dei ikkje, så er eg ikkje framand for tanken at ein framtidig prest kallar dei til alters til tvangsgifte, sjølv om dei aldri så mykje finn brura noko storvaksen, dominerande og ikkje fullt så vakker som dei skulle ha ynskt. Ikkje berre det, ho vil ha eit ord med i laget over dei husholdningspengane som dei før rådde over åleine. Men det er få – om nokon – vi samarbeider så godt med på sjøen, og så får vi ta mål av oss til å gjere det same på land.

Som sagt, eg trur at Kinn kommune står på oppskytingsrampen, meir og meir klar til å sendast ut på ei ferd som er kartlagt og planlagd så langt det let seg gjere.

Reisa kan fort bli vanskeleg, og i verste fall ikkje heilt ufarleg heller. Men astronautane på Apollo-ferdene til månen var nokså flegmatiske der dei sat på toppen av ei potensiell bombe, den enorme Saturn 5-raketten, og høyrde på nedteljinga. Alt var førebudd, alle detaljar og eventualitetar var tekne omsyn til, og dei måtte berre lite på at alle involverte hadde gjort jobben sin skikkeleg:

«Let’s just sit back and enjoy the ride»!