No i desse delingstider

No i desse delingstider: Om ein samanliknar politikarar i eit kommunestyre med eit fotballag kan ein trekke ein god del parallellar. Er det fleire av spelarane som ikkje bryr seg om å gjere jobben for laget sitt ender det som oftast med tap. Om det skjer igjen og igjen ender det stort sett med nedrykk. Det same kan du seie om politikarar som sitt i eit kommunestyre, motarbeider ein det som skulle vere ei sjølvfølgje: Nemleg lagspelet som skal utvikle kommunen til det beste for dei som bur der, og ikkje minst for dei som kunne tenkte seg å flytte dit.

Men kven vil flytte til ein plass der det er uro, og ikkje ein vinnarkultur?

Ingen trur eg. Og ja, ta det same med fotballaget: Kven vil spele på laget som held på å rykke ned?

Ingen trur eg... og i same ånd: Kven vil flytte til ein kommune der det er utvikling, der folk skryt av det som blir skapt, eller det som er planar om å skape? Alle trur eg!

Kven vil vere med på laget som vinn og vinn? Stort sett alle, trur eg. Er ein ikkje god nok i 2x45 minutt blir du satt ut av laget. Kanskje vi skulle hatt ei slik ordning i politikken også. 2x45 er kanskje litt kort tid, men jaggu kan du øydelegge mykje i kommunen på dei åra du er valt inn for når du ikkje vil vere med på nytenking og utvikling, men berre tenker «alt var betre før».

Så til de som er nei-politikarar i Kinn: Eg trur ikkje de har gjort eit godt tiltak for at kommunen skal kunne lykkast. Eg budde i Flora i over 40 år, og var, og er ein patriot som jubla kvar gong noko positivt skjedde i byen min. No bur eg i Naustdal i Sunnfjord kommune og er faktisk blitt ein god patriot for Sunnfjord kommune. Dette sikkert fordi det skjer ting. Folk og politikarar jobbar faktisk for ein retning, nemleg opp og fram. PS: Folk flyttar hit, dei flyttar ikkje frå. Skal vi få vekst på kysten, ja då er det lagspel som gjeld. Så skjerpings, kom dykk om bord i båten og ro i same retning, då kan det kanskje bli opprykk ein divisjon eller to.

Det treng kysten.