Denne teksten vart framført som ei tale av Ragne Larsen under feiringa av 17. mai i Måløy.

Kjære måløyværingar, gratulerer med dagen!

Eg tar meg den fridom å framleis rekne meg sjølv om måløyværing enda, sjølv om eg har flytta ut på beste vestkant på Vågsøy, i Oppedalen, for å drive småbruk.

I bygda der vegen utover snart er like eksotisk som sjølve turistmålet der ute, vår kjære Kannesteinen.

Då eg var barn og ungdom feira eg 17. mai stort sett i speidaruniform, og som flaggberar fremst i toget, i all slags vêr, et år gjekk mamma bak meg og måtte omtrent halde meg fast så eg ikkje skulle fly av garde i lag med flagget i det vi runda ned spiralen, då blåste det liten storm, i år kom visst sommaren på 17. mai.

No er det tolv år sidan eg sjølv har feira 17. mai på tradisjonelt vis. Gutane våre Georg og Laurits klarar ikkje feire 17. mai slik som sine jamaldringar, inntrykk, lydar og dei store forandringane som kjem på ein dag med festkledde menneske, gjere dei for utrygge til å kunne delta, slik kan det vere når man har autismespekterforstyrring.

Det betyr ikkje at vi ikkje har feira 17. mai, for det har vi, vi har berre feira den på ein annleis måte, på AS Larsen sin måte.

Vi har feira 17. mai på fjellet, eit år feira vi den på trampolina, då var pappa Per Even på sjøen, så mor heldt fortet aleine, 6,5 time effektivt var vi der, den 18 mai klarte eg knapt å gå, eg hadde til og med gangsperre i kjeven, vi har og feira den i motorikkparken i Årdal, med parken heilt for oss sjølve, og i år som i fjor vi har feira med eige tog i Oppedal, årets prosesjon beståande av åtte sau, tolv lam, ein vêr, seks ender og ei gås, tre alpakka og ein lama, ja også meg og gutane da.

Etter to år med pandemi har alle fått lov til å kjenne litt på denne avgrensinga av å ikkje kunne delta, då alt vart avlyst, og vi alle sat i kvart vårt hus, for dokke var det ein pandemi, for oss er dette ein del av livet.

Mange funksjonshemmingar vise ikkje, og mange familiar slit med at dei ikkje klare å vere ein del av det som er forventa som normalt, og, det er lett å dømme andre for dei vala dei tar, når sanninga er at dei eigentleg ikkje har hatt noko val.

Den som har skoen på, er den som veit kor skoen trykker, og det er viktig å skape rom for at alle skal få feire grunnlovsdagen vår, uansett føresetnad.

Heldigvis er koronaepidemien over. Vi kan atter ein gong rope eit høglydt hurra for landet vårt på 17. mai, veive med det flotte flagget vårt, ete is, blåse høgt i fløyter og feire at grunnlova vår vart vedtatt på Eidsvoll i 1814, og at vi er ein fri nasjon!

Kva betyr eigentleg fridom i ein nasjon der ein slepp å bekymre seg for husa våre skal blir bomba sønder og saman, oppleve flyaralarmar som ular på natta, og måtte finne næraste tilfluktsrom.

Ein kvardag der våre menn og kvinner ikkje treng å gå i strid, men som lever godt og trygt innanfor landegrensene.

Er vi takknemlege nok for dette, eller tar vi det for gitt?

Norge anno 2022 har mange utfordringar slik eg ser det, sosiale medium og nettroll er ein av dei.

Netthets, shaming, mobbing, ung som gammal kan vi utsettast for dette.

Ofte av menneske som gløymer seg bak alias eller falske profilar, og som tilsynelatande kan spy ut eder og galle utan å få ein reaksjon eller sanksjon.

Og utestenging, utført av barn mot andre barn, via sosiale medium som for eksempel Snapchat, der vi foreldre har liten kontroll eller påverknad, vi er prisgitt at ungane våre tør å komme å fortelje oss det.

Ironisk nok er dette også ein fridom- fridomen til å velje å vere ufin, i alle fall når man er vaksen- men, born lære av vaksne.

Eg syns det er ei skremmande utvikling, og noko vi alle kan gjere ein innsats for å betre, og ta dei gode samtalane med sine eigne.

Fridom er også moglegheita til dugnad.

Ordet “dugnad” var mykje brukt under korona epidemiens to år, no syns eg vi skal ta det tilbake og bruke det der det høyrer heime.

Ikkje som eit bilde på ein flink nasjon som føle retningslinjene som regjering og storting har sat, sjølv om eg sjølvsagt er uhyre takknemleg for at vi att vi gjorde det då det storma, men no må ordet “dugnad” igjen bli eit bilete på frivilligheit, omsorg og samarbeid.

Året 2022 er frivilligheita sitt år, og her på øya har vi mange fantastisk flinke frivillige!

Røde Kors er eit eksempel, dei har siste to åra mobilisert kraftig, og har økt med over 20 medlemmer.

Dei driv sitt arbeid under fanen “ avdekke, hindre og lindre nød”, og jobbar både med hjelpekorpset og med omsorg- som går blant anna besøksvenn og besøksteneste, og har natt til 17 mai gått natteramn og passa på, på eige initiativ.

No står dei klare for å hjelpe til når dei ukrainske flyktningane kjem til Måløy, slike eldsjeler som dette kan eit samfunn ikkje få nok av!

Frelsesarmeen er ein annan aktør som også har mange frivillige, dei har songstunder på Kulatoppen, Skaretun og på Bryggja, matutdeling til dei som treng det og driv også med barnegrupper.

Og for å ikkje gløyme alle kakene som blir bakt, lodda som blir selde og cup/ turnstemner som blir arrangert av frivillige eldsjeler, og innbyggjarar som med spader, hekksakser og kostar har rydda rundt oss i kommunen for å gjere det fint til 17 mai.

Vi må heller ikkje gløyme festivalane, Elvisfestivaen i Måløy som endeleg skal få lov til å bli arrangert igjen, Måløydagane og ikkje minst Strandfestivalen ute i Revikja!

Vi får det jammen til på denne øya!

Eg håpar frivilligheita vil fortsette å blomstre på Vågsøy også framover, dette har vi all grunn til å vere stolt over alle saman!

Fridom er også å kunne glede seg over det ein har rundt seg.

Vi har Revikja på sommaren, storm på Kråkenes fyr på hausten, fjell i alle variantar og former, har du nokon gong gått opp bak Rystestøylen på Raudeberg og forbi toppen Melnyken og innover til du ser ned på Kvalheim? Fantastisk tur, fantastisk natur, rett og slett spektakulært!

Her er fjellturar for ein kvar smak, form og aktivitetsnivå.

Måløy kan og by på god mat, gode opplevingar og uteliv.

Det er godt å vere fri!

I mai 1999 døde morfaren min, Bjarne Osmundsvaag, han var stolt medlem av Lingekompaniet, krigsveteran, og han har sin egen plass som fortelje ein liten del av hans historie på Måløyraid senteret.

Dette året feira eg 17. mai i Oslo saman med mormor, slik at ho ikkje skulle vere aleine, og ho tok meg med til Akershus festning for å feire 17. mai i Lingeklubben sine lokale der.

Lokalet var oppe på eit loft, med masse trapper, og dess meir vi klatra dess meir stressa vart eg, for mormor var ikkje den sprekaste til beins, og ein ting var å få ho opp, men eg skulle jo ha ho ned igjen og!

Men opp kom vi, og denne 17. mai feiringa er ei feiring som eg for alltid kjem til å bere med meg vidare.

Å få lov til å møte menneske som fysisk har kjempa for den fridomen eg sjølv nyte godt av no, høyre historier, den eine villare enn den andre etter kvart som dei vart varme i trøya, sette ein ydmykhet i meg som eg aldri hadde kjent på før.

For landet sitt, for flagget sitt hadde desse kriga-skulder ved skulder.

Og kvinnene bak dei, kvinnene som har stått i tjukt og tynt, ikkje i fremste linje, men dei har heldt fortet heime.

Ære vere dei for det!

“Du må ikkje ta din fridom for gitt, du som er ung, og ikkje har opplevd ein krig” sa ein gammal offiser til meg.

Og det har han heilt rett i.

Med krigen i Ukraina som ein mørk skygge over Europa er det atter ein gong viktig å ikkje ta fridomen vår for gitt.

Vi må tenke beredskap, i desse dagar er mat blant anna blitt beredskap, og sjølv om eg no som småbrukar og straks utdanna agronom gjerne skulle ha gitt dokke ei lengre utgreiing om bondes rolle i Norge, så skal eg halde meg for god til det i ei 17. mai tale, poenget er at vi må kunne ta vare på landet vårt, forsvare det, drive det vidare, og det gjere vi aller best, om vi klare å spele på lag, og med dei ressursane vi har her til lands.

Vi må også vise solidaritet med dei som har flykta frå krig, og ta dei imot med opne armar, og inkludere dei inn i vårt lokalsamfunn, integrering fungerer ikkje, om inkluderinga er fråverande.

Eg vil avslutte mi 17. mai tale med mottoet til Lingeklubben:

“Hold saman- ta vare på kvarandre”

Lever ein etter det, så kan vi leve eit godt liv, i fridom!

Gratulerer med dagen, og tusen takk for meg!