Stemplar ut av Stig Erik Elliott stod på trykk i Fjordenes Tidende fredag 20 oktober.

Klar for ein ny kroppsdel

Like etter at eg laga denne overskrifta, oppdaga eg at det kunne vera rom for misforståing. Så, berre for å avklara det heilt grunnleggjande: Når eg skriv at eg skal ha ein ny kroppsdel, så meiner eg altså ikkje «ein kroppsdel i tillegg til dei eg allereie har». Eit auge i nakken eller ein ekstra kjefte å klaga med kunne sikkert vore nyttig. Men eg har ikkje tenkt å plussa på, sjølv om enkelte gjerne skulle sett meg utstyrt med litt fleire hjerneceller.

Kroppsdelen eg skal byta ut, er lokalisert sånn om lag i midtpartiet av kroppen om ein tenkjer frå topp til tå. Dei som no humrar godt og lurer på om nokon har kastrert meg slik at det må alvorleg understellsbehandling til, må eg diverre skuffa. Det er eine hofta eg skal byta.

I og med at eg no er nærmare 50 enn 40, ville det vera ei grov overdriving å hevda at eg er for ungdom å rekna. Likevel: Eg er ung for å vera hoftepasient. Då røntgenbilda viste at operasjon var einaste utveg og legen sa at dette skjer uvanleg tidleg i mitt tilfelle, reagerte eg som dei fleste mannfolk ville reagert. Eg spurte: Er det ny rekord?

Legen måtte skuffa meg. Det er faktisk enkelte som tar hofteoperasjon allereie i 30-åra. Dermed blei spørsmålet: Korleis skal eg no klara å vri dette til noko positivt? I og med at eg både likar dårleg og er dårleg til å dansa, kunne eg trygla om å få ei ny hofte med ekstra swing. Eg kunne kanskje ymta frampå om at litt fettsuging ikkje ville vore feil når dei allereie bedøvd meg i sentrale strok.

Eg spurte sjølvsagt ikkje om dette. Eg stilte det spørsmålet dei fleste mannfolk ville stilt: Kor vondt kjem det til å gjera, og er det vondare enn å føda ein baby? Noko godt svar fekk eg ikkje. Legen som skal operera meg er nemleg mann, og hevdar hardnakka at han aldri har fødd. Så mykje for medisinsk kompetanse. Med omsyn til smerte og slikt, framheva han at dette er individuelt. Smerteterskelen varierer frå person til person.

I klartekst betyr vel dette at eg ligg relativt dårleg an. Hos tannlegen likar eg å få sett bedøving FØR me tar røntgenbilda. Når eg kjem på sjukehus for å ta hofta, har eg tenkt å seia at eg er 245 kilo, slik at dei peisar på med tilstrekkelege mengder eter.

Det er enno tre-fire veker igjen til det heile brakar laus. Eg set sjølvsagt pris på helsingar og omtanke. Har du Vipps, er nummeret mitt forresten 92235766.