Denne kommentaren er skriven av Jarl Wåge under headingen Stemplar ut. Den stod på trykk i Fjordenes Tidende 6. oktober.
Fanga i ingenmannsland
Eg fekk ein e-post frå ein tidlegare elev. Ho hadde teke pause frå doktorgradstudiet for å jobbe nokre månader blant flyktningar på Lesvos. Der hadde ho fått eit dikt av ein ung mann som hadde flykta frå Syria. Eit dikt han håpa mange ville få lese. No lurte ho på om eg kunne oversetje det til norsk. «Om du har tid?», føydde ho til.
Om eg hadde tid? Ho hadde hoppa av viktig studium for å vere medmenneske. Då måtte eg, pensjonisten, mangemillionær på tid, pinadø kunne setje av eit par timar i det gode si teneste. Sjølvsagt tok eg oppdraget.
Sidan dikt ikkje passar inn i dette formatet (For alt eg veit gjer det det. Det får eg utforske seinare.), gjev eg dykk heller eit samandrag:
«Fanga i ingenmannsland,» skriv Mohammed.
«Det var ikkje dette eg såg føre meg då eg klarte å flykte frå landet mitt som blir kriga til fillebitar. Det var ikkje dette eg drøymde om då eg kryssa havet i ein båt som ikkje var laga for kryssing av hav. Fridom var ordet eg gjentok for meg sjølv gong på gong under flukta. Fridom. Fridom. Som eit mantra kverna det i hovudet mitt. Med eit bod om håp. Eg kjende ærefrykt då eg steig i land. I Hellas. I demokratiet sin arnestad. Kva meir kunne eg ynskje meg? Kva kunne gå galt no?
I åtte månader har eg vore her no. I lag med tusenvis av andre. Barn. Gamlingar. Kvinner i alle aldrar. Mange menn på min eigen alder. Åtte uverdige, meiningslause månader skrella av livet mitt. Dei ligg og flyt som søppel blant avfallet vi vassar rundt i. Til vi sjølve kjenner oss som søppel. Ribba for menneskeverd. Passivt ventande. På kva? Dette er det einaste eg ber om. At de gjev meg menneskeverdet mitt attende. Utan menneskeverd, kva blir vi då? Umenneskelege blir vi. Dyr.
Eg er ingen tiggar. Eg ber ikkje om almisser. Eg har ein sterk kropp. Ei klokt hovud. Det er mi gåve til dykk. Mitt bidrag om de vågar å åpne dørene, rive ned stengslene og fjerne piggtråden mellom meg og eit verdig liv. Gjev meg menneskeverdet mitt. Og de får meg.
Eg ropar og ropar om hjelp. Høyr meg. Sjå meg. Eg har òg draumar. Om fred og fridom. Om jobb. Familie. Eit verdig liv. Nokon må hjelpe meg over terskelen til der dette finst. Då skal eg klare resten sjølv.
Ser du? Handa mi. Ta henne imot. Ho er sterk og varm sjølv om ho skjelv. Og tru ikkje at ho er tom. Eg har så mykje å gje. Bare du vil ta imot. Tør du? Helsing Mohammed.»