Om ein skal rekke noko før 1. januar 2024, tenker kanskje nokon at ein har allverda med tid. Det gjeld visst ikkje for alle typar gjeremål. Skal ein greie ut ei eventuell deling mellom to kommunar, forstår vi på kommunal- og distriktsdepartementet at ein har svært dårleg tid. Departementet har sett så knappe tidsfristar at fleire fryktar at det ikkje blir mogleg å gjere ei truverdig utgreiing.

16. mai kom oppdragsbrevet frå kommunal- og distriktsdepartementet om utgreiinga av deling av Kinn kommune. Ifølgje inndelingslova skal Kinn kommune få uttale seg i saka, men då må Kinn kommunestyre handsame delingsspørsmålet seinast 1. september 2022. Statsforvaltaren skal sende si utgreiing med tilråding til kommunal- og distriktsdepartementet seinast 5. september. Departementet meiner at dette er absolutte tidsfristar for at ei eventuell deling skal vere mogleg 01.01.2024.

Det kan sjå ut som at dei knappe tidsfristane frå departementet medfører at alt i prosessen må gå i ekspressfart. Statsforvaltaren sette berre ti dagar frist for tilbydarar å kome med tilbod om å gjere utgreiingsarbeidet. Då viste det seg også at den øvre økonomiske ramma for utgreiingsarbeidet vart sett 150.000 kroner får lågt. Eit av konsulentselskapa skriv til at Statsforvaltaren at det er ressurskrevjande arbeid som står føre.

Kommunedirektøren i Kinn seier at kommunen skal gjere alt dei kan for klare å halde dei knappe fristane, men at det blir krevjande. Departementet har lagt opp til eit kappløp med tida, som fort kan få konsekvensar for både den daglege drifta til kommunen og sjølve utgreiinga. Når Kinn kommune ber om meir tid til eiga handsaming, må departementet ta det på alvor. Det er trass alt innbyggarane i Kinn og tenestene deira dette handlar om.