Kinn eller Vågsøy – kva vil du stemme?

Er du lei av lange innlegg, og usikker på kva du skal stemme? Les denne versjonen av ei kortfatta oppsummering.

Kvifor vart Vågsøy og Flora til Kinn kommune?

Det var eit statleg ønske om å redusere talet på kommunar i landet. For oss som bur her vest var det viktigaste argumentet å få eit sterkare fokus på kysten og kystens behov som region.

Kjøttvekta i ei så stor kommune meinte vi ville vere svært viktig for utviklinga på kysten i tida som kjem. Dette trudde politikarane på. Dette trur størsteparten av industrien/bedriftene i både Vågsøy og Flora framleis på.

Dei gjev folk arbeid og derav skatteinntekter til å drive kommunen med.

Som tidlegare lokalpolitikar veit eg av erfaring at kysten i fylket har mangla ei sterk og samlande stemme for å kunne styre ei ønska utvikling på kysten. Dette opplevde vi mange gonger, ikkje minst då vi arbeidde for å få fagskulen til Måløy. Sogn og Fjordane var det einaste fylket i landet som ikkje hadde fylkessenteret på kysten. Det var og det einaste fylket i landet som har kystvegen langt inne i landet. (Les Klaus Iversen sitt gode og utførlege innlegg om kvifor det er blitt slik i Fjordenes Tidende av 23.08).

Kinn si viktigaste oppgåve er framleis den same. Å arbeide for kystutvikling i Vestland fylke. Vi må framleis ha trua på at den viktigaste grunnen til samanslåinga framleis er gjeldande!

Dette er den avgjerande grunnen for meg for å stemme at Kinn skal og må fortsette. Så enkelt og ukomplisert gjer eg dette når eg skal ta mitt val.

Når vi i dag vil ha omkamp om Kinn, minner det meg meir om eit skihopp: Når du har bestemt deg for å hoppe, og er på veg til tilløpet – ja, då er det litt seint å ombestemme seg. Du må gjennomføre hoppet og ta konsekvensane av det valet som er gjort. Der er vi i dag i Kinn kommune. Vi må framleis ha trua på Kinn. Det er ein pågåande prosess og ein gjer nye erfaringar undervegs. Kinn kommune må få ei rimeleg tid til å «sette seg». Det vert litt prøving og feiling i starten, men det meste kan rettast på. Det har vore mykje støy i det siste – og heilt klart ting dei kunne gjort betre.

Eg er so freidig at eg tenkjer litt høgt her om organiseringa og vegen vidare for Kinn kommune:

1) Rammetildeling: det vert utarbeidd rammer for tildelingane mellom gamle Flora og Vågsøy – basert på folketalet. Komplisert, men det kan gjerast.

2) Delegert sjølvstyre: både Flora og Vågsøy bestemmer sjølve korleis dei vil nytte midlane – gjensidig tillit, og dei må sjølve ta konsekvensane av sine investeringar.

3) Mat frå Florø: det bestemmer Vågsøy – og tek konsekvensane.

4) Rådhus i Florø: det bestemmer Flora – og tek konsekvensane.

5) Barneskule i Måløy: det bestemmer Vågsøy – og tek konsekvensane

6) Bremanger kommune: her er det viktig å arbeide for at Bremanger frivillig får eit ønske om å bli med i Kinn. La oss vise at dei sit igjen med ei form for delegert sjølvstyre. Alle skal vinne på å vere med. Men – ingen tvangssamanslåing.

7) Felles brannvesen. Å ha felles brannvesen med slike avstandar er heilt tullete. Vågsøy må i staden samarbeide med Eid og Selje, og Flora med Sunnfjord kommune.

Alt dette dreier seg om å gi folk tillit, delegere til dei som bur der og å ta konsekvensane av eigne val.

Tettstadane Florø og Måløy treng kvarandre, men ikkje gløym bygdene rundt. Det er viktig at også dei blir tilgodesett. Godt val!