Ein god skulestart for alle

Sommaren er på hell og for mange av oss nærmar det seg arbeid og skule igjen. Timane vert gjerne meir bundne, fritida meir organisert og vi kjenner meir på krav og forventningar. Eg trur mange likevel opplever at det er godt å kome tilbake til kvardagen, der skule og arbeid gir meistring og fellesskap.

For skulelevane våre er dette ei særs spanande tid, og gjerne litt ekstra for dei som skal starte i 1. klasse, på ungdomsskulen eller vidare på anna utdanning etter 10. klasse. Samtidig veit vi at ikkje alle ser fram til skulestart. Ikkje alle kjenner på meistring, trivsel og det å høyre til. Då er det desto viktigare at vi bruker skulestarten til å minne kvarandre om det ansvaret vi som politikarar har for å leggje til rette for ein god skule for alle. Skulane er rett og slett sentrale for born og unge si helse. I dei siste åra har den psykiske helse hjå born og unge vore mykje debattert. For å møte desse utfordringane på best mogleg måte, er alle som arbeider med born og unge nøydde til å spele på lag og ha tilstrekkeleg med ressursar. Difor er eg stolt og glad for er at Stad arbeidarparti ønskjer å setje fokus på barn og unge og deira familiar.

Vi vil styrke skulehelsetenesta og syte for at helsestasjonane i kommunen har ressursar til å vidareutvikle seg, med særleg vekt på psykiske helseplager. Helsestasjonen er i kontakt med dei aller fleste familiar og born. Moglegheita til å kunne forebygge ulike helseplager og gje hjelp er stor når ein er i kontakt med så mange barn med deira familiar. Gjennom gode tenester og tidleg tverrfagleg innsats kan mange få viktig og naudsynt hjelp og støtte. Innsatsen rundt barn og unge ser ein allereie frå før barnet vert fødd, med jordmor, seinare helsestasjon, barnehage og skule. Vi vil ha nok ressursar i desse tenestene, slik at ein kan arbeide godt med psykisk og fysisk helse og trivsel. Vi ønskjer gode tverrfaglege team, på tvers av ulike avdelingar, for elevar som treng dette. Slik kan vi best mogleg førebygge psykisk uhelse og setje inn tiltak med helse og sosialfaglege profesjonar som kan arbeide med dei psykososiale og mellommenneskelege behova borna har i skulen. Skulane skal vere ein trygg arena for meistring, trivsel og utvikling. For alle.