Skadepoliklinikken ved Nordfjord sjukehus

Eid, Bryggja, Stadlandet og Selje Pensjonistlag registrerar signala om at Helse Førde vurderer å legge ned skadepoliklinikken ved Nordfjord sjukehus.

Dei fire pensjonistlaga i Stad kommune vil på ingen måte godta at dette vert gjennomført.

Vi registrerer at kommunestyret i Stad kommune også er svært uroa over desse signala, og vi støttar deira syn fullt ut.

Pensjonistlaga i Stad kommune er forundra over at Helse Førde no igjen vurderer nedleggingsendringar ved Nordfjord sjukehus. Dei fleste av oss hugsar den store sjukehusstriden som var i Nordfjord for eit tid tilbake, og som skapte særdeles skarpe holdningar mellom folk i Nordfjord og Helse Førde.

Vi trudde ikkje Helse Førde på nytt ville vurdere endringa i sjukehusstrukturen ved Nordfjord sjukehus, som på nytt vil føre til harme og uboteleg skade for heile Nordfjord.

Dei fleste i Nordfjord meiner at Nordfjord sjukehus no fungerer godt. Helse Førde har innført fleire gode tilbod ved Nordfjord sjukehus, som har resultert i at folk i Nordfjord ikkje har måtte reise til Førde for å få utført fleire tenester. Helse Førde må ta omsyn til at folk frå deler av Nordfjord må nytte heile dagen ved eit sjukehusbesøk i Førde. For sjuke personar er dette ei stor belastning, og i dette tilfelle ei heilt unødvendig belastning etter pensjonistlag si meining.

Skadepoliklinikken ved Nordfjord sjukehus er ein viktig funksjon for folket i Nordfjord.

Eid, Bryggja, Stadlandet og Selje pensjonistlag vil på det sterkaste oppmode Helse Førde å ikkje medverke til ny sjukehusstrid i Nordfjord. Vi ber Helse Førde om å stå ved tidlegare avtale om kva Nordfjord sjukehus skal innehalde.