Bruk stemmeretten din

Valdagen nærmar seg med stormskritt og det er travle dagar også i Stad INP-leiren.

Som nykommarar i den politikken i Stad er det sjølvsagt ekstra kjekt for oss å mellom anna samarbeide med dei andre politiske partia på dugnad og levere ut valflygere rundt om i heile kommunen. Dette er eit samarbeid og ei lagånd på tvers av gjengen i alle partia som vi i Stad INP set veldig stor pris på, og vi ønsker å rette ei stor takk til initiativtaker Ronald Dalsbø i KrF for dette.

Alle partia i kommunen har jobba lenge og hardt med å utforme sine politiske partiprogram med den politikken dei meiner er til det beste for innbyggarane og kommunen vår. Det skal vi vere svært glade for. Vi skal vere glade for at vi har eit demokrati og at eg og du kan gå til valurnene og stemme på den eller dei som vi meiner bør få vere med å bestemme i dei litt større sakene som omhandlar kva tilbod eg og du skal ha i lokalsamfunnet vårt og korleis vi skal gjere det til det beste for alle.

Det er eit godt og gammalt ordtak som seier at «ein kan ikkje gjere alle til lags». Slik er det i politikken også. Derfor er det so utrulig viktig at vi bruker stemmeretten vår, og stemmer på det partiet som ein trur kan gjere ein forskjell, og igjen so skal vi vere glade for at vi har ulike partier med ulike synspunkt, men med felles verdiar; Å gjere ein innsats for ein god kvardag for oss alle og eit velfungerande samfunn.

Det å la vere å bruke stemmeretten din, ja, det er det same som å samtykke i at vi ikkje treng ei forandring, eller at vi ikkje bryr oss om korleis vi ønsker å ha det rundt oss. Kommune- og fylkestingvalet er eit like viktig val som stortingsvalet. Det er viktig for lokalsamfunna våre, og det er viktig for det større politiske bildet både til fylke og stat. Våre fylkesvalde politikarar jobbar for det same på fylkesnivå som dei på kommunenivå, og det er dei som står fremst i rekka til å fremme våre syn og kommunisere til rikspolitisk plan.

Dagane mine går no mykje i jobbing offshore. Eg saknar sjølvsagt familien min heime og det å komme heim etter kvar arbeidsdag, men med dagleg kontakt på FaceTime går det greit. Samtidig prøver eg so godt eg kan å få med meg alle innlegg i aviser og i sosiale medier frå eget parti og partikollegaer i andre parti og å halde meg oppdatert igjennom kvardagen om kva som skjer rundt omkring i kommunen vår og elles i den store verda. Eg er for all del ingen erfaren politikar. Tvert om er eg ein nybegynner. Men eg er ein samfunnsengasjert arbeidskar og eg vil so gjerne gjere mitt for at vi som innbyggarar i kommunen skal ha det best mogleg.

Det er veldig kjekt å reise rundt på valstand og snakke med folk, knytte nye bekjentskap og høyre på kva folk tenker og ønsker i kvardagen. Ein ting eg har bitt meg til merke i er at mange tenker eller frykter at årets kommuneval blir eit slags «oppgjer» eller ein «dragkamp» mellom ytre og indre del av kommunen altså gamle Selje og gamle Eid kommune, eller at partia har for høge ambisjonar og lovar mykje meir enn det dei kan halde. Slik kan vi ikkje tenke, og eg trur eg snakkar for alle partia i kommunen når eg seier at vi alle har ønsker og ambisjonar om å ha gode tilbod til alle innbyggarane våre over heile kommunen.

Årets kommuneval skal ikkje vere nokon «dragkamp» eller konkurranse mellom gamle Eid og Selje kommune. Stad kommune er ein ung kommune, og eg synes personleg at på dei fire åra Stad kommune har eksistert so har det skjedd fleire bra ting, både i indre og ytre del av kommunen. For å nemne nokre eksempelvis i Selje der eg bur, so fikk vi nett fått eit flott og nytt helsesenter, og på Stadlandet har vi fått ny brannstasjon. Eg gler meg til dei kommande åra for å sjå kva vi kan få til i den flotte kommunen vår, og eg er ikkje i tvil om at der er mykje flinke og engasjerte folk i Stad kommune som har lyst å ta eit realt tak for laget og felleskapet.

STAD INP vil for vår del jobbe for heile kommunen, og igjen so trur eg at eg snakkar på vegner av alle dei andre partia om at vi alle jobbar for ei felles sak; Ein samla kommune med mangfald og gode tilbod.

Vi har skrive i vårt partiprogram at vi ønsker å fremme ein fornuftig og realistisk politikk vi kan stå for. Akkurat dei orda skal vi i Stad INP forsøke å stå for so godt vi kan, uavhengig av om vi kjem inn i kommunestyret eller ikkje.

Å drive politikk, det er ikkje å love at det for eksempel skal komme eit nytt og bedre tilbod i morgon eller om nøyaktig seks månadar frå i dag, men det er å love til deg som veljar at vi skal jobbe med denne saka og gjere det vi kan for å fremme den, rett og slett å bidra det beste vi kan for at den saka eller ei anna sak skal realiserast.

Min appell til deg som veljar i Stad kommune er derfor; bruk stemmeretten din og delta i lokaldemokratiet. Slik kan du som enkeltveljar vere med å syte føre at vi får eit kommunestyre med mangfold i frå heile kommunen.

Godt val alle!