Innlegget er skriven av Ingrid Heggø og Hadia Tajik, stortingsrepresentantar i Arbeiderpartiet.

Arbeidarpartiet vil ha fleire i jobb og færre på trygd. Vi vil jamne ut forskjellar, ikkje auke dei. Derfor prioriterer vi meir pengar til arbeidsretta tiltak for dei ledige. Samtidig går vi imot regjeringa sitt framlegg om å kutte i dagpengar.

Regjeringa klarer ikkje å vise korleis dei føreslådde kutta skal få fleire i jobb. Forskarar meiner derimot det vil kunne bidra til det motsette. I tillegg vil det bidra til auka forskjellar.

Av dei rundt 3.500 personane som no vil miste dagpengane, har kvar tredje barn. Ein av ti er einsleg forsørgjar. At det er unge, mellombels tilsette og andre som ikkje har fått seg fast arbeid, mange av desse med barn, som skal miste rettane sine, seier mykje om denne regjeringa sin politikk.

700 millionar kroner reknar regjeringa at staten sparer ved at personar med cirka 280.000 kroner i inntekt over dei tre siste åra, ikkje lenger får dagpengar. Dette føyer seg inn i eit usosialt mønster hjå Frp/Høgre-regjeringa.

Tidlegare har dei tatt meir enn ein milliard kroner frå dei arbeidsledige i 2015. Den gongen tapte enkelte arbeidsledige opp mot 30.000 kroner. I 2016 innførte dei skatt på sluttvederlaget til eldre arbeidstakarar som mista jobben.

Alle som mottar dagpengar, må aktivt søke arbeid. Det støttar sjølvsagt Arbeidarpartiet. Samtidig meiner vi fellesskapet må bidra meir for å hjelpe folk ut i jobb. Regjeringa tenkjer motsett. Dei kuttar i dagpengar til svakare grupper. Samtidig kuttar dei i tiltak for arbeidsledige. Konsekvensen er at forskjellane aukar, utan at fleire kjem i jobb. Det kan ikkje Arbeidarpartiet akseptere.