Stem på ei framtid vi unge kan tru på!

Er du misfornøgd med noko i samfunnet, bruk stemmeretten til å endre på det. Ikkje undervurder ei stemme. Vi nærmar oss no valdatoen for kommune og fylkestings-valet, og eg håpar absolutt alle, spesielt unge, nyttar seg av stemmeretten.

Stemmeretten er utan tvil ein av dei viktigaste måtane vi bidrar til samfunnet på. Ver med på å bestemme om vi skal bruke pengar på å auke bortebuarstipendet, løyse klimakrisa eller begge. Enda viktigare, ei stemme på partiet du kan seie deg einig i, er ei stemme mindre til partiet du absolutt ikkje vil ha i kommunestyret eller fylket.

Å ikkje bruke stemmeretten er ei stemme til det partiet du likar alle minst.

Det er spesielt viktig at vi unge brukar stemmeretten, det er vår eiga framtid vi stemmer på. Det er samfunnet vi skal studere, jobbe og vokse opp i vi stemmer på, og dessverre er tala for unge stemmer, skremmande lave.

Ein trenger ikkje vere politisk interessert for å stemme, eit enkelt Google-søk på partia og ei stemme, så har du vore med på å dytte samfunnet i den retninga du meiner er riktig. Det er lett å ta stemmeretten for gitt om ein tenker at ingenting endrar seg ved eit val, men om ein tenker seg om er alt rundt oss politikk. Auke i utstyrsstipendet, gratis mat på skulen, billigare bussbillett, nye skular, osv. er alle politiske resultat av dagens regjering, fylke og kommune. Dette er resultatet av at eit parti får lov å prioritere det majoriteten synest er viktig fordi folk stemmer det fram.

Bruk stemmeretten, sjå viktigheita av å stemme.

Eg håpar alle unge brukar stemmeretten. Ein kan allereie førehandsstemme ved valet, nytt deg av det. Ikkje berre vil eg oppfordre alle til å bruke stemmeretten, men også å stemme ungt. Det er så mange unge kandidatar som meg sjølv på fylke- og kommunevallistene. Slik at ein sjølv slepper å vere meir interessert i politikk enn å stemme. Saman skapar vi unge samfunnet vi vil vokse opp i.

Bruk stemmeretten og godt val!