På parti med fortida

Den kjende bergensprofessoren Georg Johannesen skriv i diktet «Råd (om hvem det er verd å høre på) i siste verset:

«Du skal høre på mennesker

Som enno er fjerne

Kanskje blir i morgen

En bedre dag enn i går

Du skal høre på mennesker

Som lever som om de levde

om hundre år».

Eit dikt og ei dikting kan lesast på ulike måter, men her stiller han nok spørsmål han meiner vi alle bør tenke over.

For vi er i stand til å sjå lenger enn våre eiga notid, sanse uroande konsekvensar av det vi gjer for dei som kjem etter oss. Så vert det kalla synsing kan vi lese. Men meiningane våre, «synsinga» vår er like så verdifull som dei som berre ser positive konsekvensar av store naturinngrep, slik fortida er full av, i urørt lokal natur. Det finst fakta nok om det.

Lyrikar Johannesen skreiv i si tid i eit anna av sine dikt om gravemaskinene som et opp naturen vår:

Landskap med gravemaskiner:

«De spiser av skogene mine.

Seks gravemaskiner kom og spiste av skogene mine.

Gud hjelpe meg for en skapning på dem. Hoder uten øyne og øynene i baken.

De svinger med kjeftene på lange skaft

Og har løvetann i munnvikene.

De eter og spytter ut, spytter ut og eter.

For de har ingen strupe mer, bare en diger

Kjeft og en rumlende mage.

Er dette et slags helvete?

For vadefugler. For de alt for kloke pelikaner?

De har blindede øyne og lenker om føttene

De skal arbeide i århundrer og tygge blåklokkene

Om til asfalt. Dekke dem med skyer av fet ekshaust

Og kald sol fra prosjektører.

Uten struper, uten stemmebånd og uten klage

Dette diktet tenkjer eg ofte på når eg ser dei store kjeftane deira, som var dei dinosaurar frå fortida, frå framande land, komne hit for å glefse i seg røsslyng, små furutre, blomar og froskedammar og lage sine sår av fotavtrykk i myrar og skogar medan dei spyr ut svart luft og støy. Berre naken minert grå stein står att.

Snart vil mange av dei som lever og bestemmer her i dag, ser det ut til, ete opp den grøne skogen vår på Holmaneset. Om dei mektige «dinosaurane» no eig han aldri så mykje - så er det skogen vår, naturen vår, trea våre i eit kjært landskap i kommunen vår, for oss «synsarar», unge og eldre, som prøver å leve som om vi levde om hundre år.

Men det gjer ikkje dei som er på parti med fortida. Dei ser ikkje heller ut til å ville lytte til den britiske programskaparen David Attenbourough sine alvorlege naturfakta og visjonar for å redde livet, og det som er att av urørt natur på kloden vår.

Men vi er stadig fleire som gjer det.