Dette leserinnlegget er skrive av Vebjørn Leite Olsen (Florø), engasjert innanfor psykisk helse, vararepresentant for Kinn Høyre og Martin Hagen (Kvalheim), samfunnsengasjert, initiativtaker til Oppsida.

Vi fryktar konsekvensane av ei deling av Kinn kommune. Dei tilsette har dei siste åra bygd opp nye system for barnevern, psykisk helse, PPT og mykje meir der ein har jobba for å hente det beste frå to kommunar og bygd sterkare einingar der ein har fleire kollegaer og meir kompetanse å lene seg på.

Dei som vil reversere Kinn+Høgre, MDG og SV har bestilt ei rapport gjennom statsforvaltaren som viser at dei mest sårbare i samfunnet vil tape på ei deling: PPT (pedagogisk psykologiske tenester), helsestasjon, barnevern, miljøtenesta, rus og psykiatri for å nemne noko. I tillegg kjem ein svakare kommuneøkonomi og ei svekking av kulturskulen som er eit viktig tilbod for barn og unge. Når ein då får berre 15 mill. kr frå staten til ei eventuell deling, så er det også svært dårlege nyheiter for økonomien, det generelle inntektssystemet for kommunane i Norge vil ikkje hjelpe på det. Dette er for lite til å bygge to nye kommunar utan å måtte hente store middel frå andre budsjettpostar- både i Flora og Vågsøy. Ein vil måtte bruke midlar og betydelege ressursar på deling/omorganisering framfor på tenestene og ein må ved ei deling bygge nye stillingar dobbelt framfor å dele på viktige ressursar.

Vi trur at det å ha kapasitet til ei heil stilling til kreftkoordinator, heile stillingar til psykologar, terapeutar, veiledere og miljøarbeidarar skaper meir stabilitet, ro i organisasjonen, mindre gjennomtrekk og betre tenester. Økonomien er allereie trong og det vil derfor gjere den endå verre å bruke middel og ressursar på å rive opp den nye organisasjonen som er bygd i Kinn. Når ein i tillegg bryt opp fagmiljøa vil dette gå ut over dei som trenger det mest.

Dette meiner vi er alvorleg, veldig alvorleg!

Stemmer du for ei deling så stemmer du for å svekke tilbodet til dei mest sårbare og for å svekke fagmiljøa som leverer desse tenestene. Ei kommune på over 17000 innbyggarar har større ressursar og mogelegheit for å rekruttere og bygge slike fagmiljø. Ein står sterkare enn ei kommune på 5300, eller 11 700 innbyggarar som skal jobbe med å bygge ein heilt ny organisasjon, uansett kor mange kommunar som er mindre enn det i folketal i Norge eller verda for den del. Skal ein kjøpe desse tenestene frå andre kommunar er det vanskelegare å følge opp kvaliteten, ein er avhengig av at dei andre kommunane faktisk har mogelegheit til å levere det, og i tillegg kostar det sjølvsagt pengar som då blir prissett av andre.

I Kinn har vi mange tilbod som bidrar til mental helse; som sommeråpen SFO, gratistilbud og aktivitetar for ungdom, satsing mot barnefattigdom, bustad til alle i kommunen (ein av dei første i landet med null bustadlause), satsing på aktiv eldreomsorg (pris som best i landet på aktiv eldreomsorg), besøksvenner på institusjonar, psykologtenester, tidleg innsats for barn i risiko 8TIBIR) og mykje meir. Ei god psykisk helse heile livet er viktig for et godt og trygt lokalsamfunn.

Ein har kapasitet til fleire slike tenester i ei større kommune enn i ei mindre kommune.

Vi er to samfunnsengasjerte som har valt å gå saman om å skrive et innlegg fordi vi meiner vi står langt sterkare saman i Kinn. Det er mange oppsider i Kinn og vi vil oppmode deg sterkt til å stemme for at kommunen skal få lov til å fortsette å utvikle desse.

Del gjerne dette innlegget med andre!

Godt val!