No skuffar du, Grønnevik

Det var med skuffelse eg las tysdagens kommentar frå Høgre sin Florø-politikar Grønnevik. Grønnevik er normalt ein person eg lyttar spesielt godt til, som har opplyste, saklege innlegg i debatten.

Denne gongen vart det dessverre faktafeil og skivebom.

For det første så er ikkje Geir Oldeide leiar i Kinn Raudt. Det har han ikkje vore sida årsmøtet januar 2021. Men det er dessverre ikkje det mest graverande i dette innlegget.

Raudt vil følgje folkets vilje. Det veit Grønnevik svært godt. Når han seier Raudt kun vil følge resultatet i Vågsøy er dette ei vriding av sannheita som verken tener lesarar eller Høgre. Når han også feilsiterer Geir Oldeide på uttaler som ligg på nett som video blir det beint ut sagt løgn.

Vi er klare: dersom innbyggarane i ein av dei to tidlegare kommunane ønsker deling vil vi støtte dette. På lik linje med at det heldigvis er nok at ein av ektefellane i eit ekteskap i dag har lov til å be om skilsmisse. Dersom denne eine viser eg å vere Flora, mens Vågsøy skulle ynskje å behalde Kinn, vil vi støtte Flora i deling.

Grønnevik må tolkast slik at han ser på fleirtalet i heile kommunen som det riktige resultatet å følge. Når Flora har 2/3 av innbyggarane vil dei etter all sannsynlegheit kunne diktere dette resultatet. Betyr ikkje det at Grønnevik gjer nettopp det han skuldar Raudt for, å lytte berre til ein av dei to kommunedelane?

Eg bruker å seie at når politiske motstandarar går tom for saklege argument dreg dei fram AKP-ML, slik Grønnevik gjer i dagens innlegg. Men at Høgre sett likheitsteikn mellom å lytte til innbyggarane og eit totalitært regime, det grensar til flaut.