Innovasjon og utviking i Kinn kommune

Kinn kommune satsar mange millionar kroner på innovasjon- og utviklingstiltak heilt uavhengig av bemanningsstrukturen i kommuneleiinga. Nordfjordnett, Aksello og Måløy Vekst er viktige i dette arbeidet, saman med næringslivet, fylkeskommune, stat og frivillige organisasjonar som til dømes Aktiv Raudeberg og Askrova grendalag.

Prosjekt bemanning handlar om at kommunen skal gå igjennom heile organisasjonen og sjå etter innsparingar. Kommunestyret er samde i dette arbeidet skal gjennomførast, nokre vil ha større innsparingar, noko litt mindre. Arbeid et vil ha konsekvenser, færre menneske vil jobbe i kommunen. Meininga er at når bemanningsarbeidet er klar har vi rett kompetanse dimensjonert etter behov.

Både kommunalsjef for innovasjon og utvikling og assisterande kommunedirektør vil stå ubesatt slik dei har vore i dei siste to åra. I mai forsvann tre stillingar frå rådhuset i Florø. Eigendomsforvaltar, kommuneadvokat og ei stilling ved informasjon og service. Ingen av desse vert erstatta. Likevel er arbeidsoppgåvene der like fullt.

I bemanningsprosjektet kan ein oppleve at funksjonar vert omorganisert og tilsette i administrasjonen får nye arbeidsoppgåver uansett arbeidsstad. Når avdelingsleiar i Florø på Informasjon og service slutta i fjor sommar, vart denne stillinga erstatta i Måløy. Slik kan skje uavhengig av kor stillingane var før. Særleg vil det vere slik i den situasjonen kommunen er med den uvissa kring deling eller ikkje.

I intensjonsavtala står det dette om delt kommunesenter:

Flora og Måløy skal ha delt kommunesenterfunksjon. Talet på administrative arbeidsplassar/rådhusfunksjonar i Måløy og Florø skal forholdsmessig vere som før samanslåinga.

I Måløy skal det etablerast kompetansemiljø til felles utvikling av mellom anna samarbeidet mellom utdanningsinstitusjonar og næringslivet, fornybar energi og klima og IKT.

Så langt har stillingsreduksjonen har vore størst i Florø. På sikt vil dette jamne seg ut. Innan utvikling av kompetansemiljø så er vi godt i gang med både IKT og samarbeid mellom utdanningsinstitusjonar og næringslivet. Fornybar energi-satsing i Måløy er vi ikkje kome igong med enno. I Florø har det blitt arbeidd godt med dette saman med næringsliv og Vestland fylke.

På 2,5 år har vi kome langt og eg vil vise til følgande tiltak:

1. Nordfjordnett er ein viktig digitaliseringspartnarar og gjer at kommunen ligg langt framme på digitale tenester. Kommunen er ein bestillar av løysingar og Nordfjordnett er verktøyet.

2. Innan velferdsteknologi er det Alarmsentralen som er vår partnar. Utvikling av responssenteret i Florø er viktig for at tryggleiken skal vere god og at tenestene kan vidareutviklast.

3. Aksello sitt vekstprogram som er støtta av kommunen kor 9 av 10 bedrifter er frå Kinn.

4. Batterifabrikkinitiativet tek vi vidare i Energisenter Florø i tett samarbeid med ulike bedrifter med deltaking og finansiering frå fylkeskommunen.

5. Med Multi Maritime og Seabus ser vi etter autonome og utsleppsfrie kollektivtilbod på sjøen.

6. I samband med Stad skipstunnel samhandlar kommune, Kystverket, med næringsliv og Måløy Vekst om å ta ut eit større potensiale ved prosjektet.

7. Kinn kommune er medlem hos Aksello, Måløy Vekst og Hub for Ocean. Alle desse har vi ulike utviklingsprosjekt med og vi støttar dei økonomisk.

8. Kommunen støttar inkubatorprogrammet som er eit samarbeid med SIVA og fylkeskommunen som skal utvikle bedrifter frå ide til marknad.

9. Saman med lokalt næringsliv og Aksello samarbeider vi om felles profilering inn mot ONS.

10. Gjennom SmartBy Måløy-prosjektet blir det utvikla berekraftige og framtidsretta løysningar og etablert kompetanse innan mobilitet, tenesteproduksjon, arealplanlegging og næringsutvikling i samhandling mellom kommunen og en rekke ulike bedrifter.

11. Både Fjord Base i Florø og Måløy Vekst er fasilitatorer for hver sine klynger i Grønn region Vestland. Her samles næringslivet for å utvikle fremtidens løsninger for bærekraftig næringsliv. 2 av 16 klynger i Vestland ligg i Kinn kommune.

12. Gjennom Studentprosjektet i regi av Måløy Vekst, samt samarbeid med Fagskolen og Måløy VGS styrkes kompetansen og kapasiteten for både videregående og høyere utdanning.

I tillegg jobbar vi med berekraftig reiseliv, landstraum i hamnene våre, breiband, rekruttering og tenesteutvikling i kommunen generelt, for å nemne noko. Eg meiner alt dette toler samanlikning med dei fleste kommunar i Vestland og vi har som kommune mykje igjen for å fortsette arbeidet med full styrke.

Då vil både innbyggarar og næringsliv vere vinnarar.