Samfunnsutvikling, demokrati og kjøtvekt

Samfunnsutvikling inneheld mange element – inkludert ulike syn på kva som er ønska utvikling.

Demokrati har mange fasettar – frå ynskje om svært lokalt lokaldemokrati til evne til å forvalte betydelege ressursar og kompetanse til å levere tenester i tråd med krava i lover og forskrifter.

I politikken er kjøtvekt rekna som sentralt – då i den forståing av at jo fleire som står bak krav om prioritering på ulike område jo større er sjansen for å få tilslag.

Når eg, som lokalpolitikar, skal ta stilling til framtida for kommunen vår så har eg eit sett av prioriteringar for kva eg (og partiprogrammet er er valt på) meiner er det viktigaste å legge vekt på.

Øvst på mi liste står økonomisk berekraft – det er dette som avgjer kva tilbod kommunen kan gje til innbyggarane.

Det viktigaste elementet for å auke kommunen sine inntekter er vekst i folketalet og skal dette oppnåast så må det vere attraktivt å etablere arbeidsplassar og kommunen må vere ein plass menneske vil flytte til. Det viktigaste for å redusere driftskostnadene er eit mangfald av tiltak for å oppnå betre arbeidsprosessar i form av velferdsteknologi, digitalisering på fleire område, effektiv gjennomføring av viktige investeringsprosjekt og eit ope sinn i.f.t om tenesteproduksjon skal skje intern i kommuneorganisasjonen eller det er betre å kjøpe denne eksternt.

Felles for desse utfordringane er at kommunen sin organisasjon må vere attraktiv for menneske med god kompetanse innan ei rekke fagområde.

Kinn kommune har betydelege utfordringar på det økonomiske området – i hovudsak begrunna i at effektivisering av den samla kommuneorganisasjonen har måtte vike for samanslåingsprosessen sidan 2017, mens vi no er ein situasjon der effektane så vidt begynner å materialisere seg. I tillegg har nok både det politiske fleirtalet og den administrative leiinga vore ein smule for forsiktig i å hente inn dei gevinstane som har vore lettast å hauste, då arbeid med prosjekt som har «nedbemanning» eller «kostnadskutt» som hovudoverskrift skaper eit negativt bilde både innad og utad.

Utfordringane blir imidlertid ikkje mindre om Kinn kommune vert delt, men eit femtitals millionar verre berre på grunn av kostnaden ved å dele alt frå eigedomsregister til IT-system, økonomisystem, lønssystem, organisasjon/arbeidsdeling m.m.

Kva så med demokratiet – det vert hevda at lokaldemokratiet har vorte svekka etter samanslåinga som resulterte i Kinn og at det vert så mykje betre ved ei deling. I tillegg er avstandane framstilt som eit stort problem i Kinn.

Etter førre kommunereform midt på 60-talet tok det minst like lang tid å komme frå dei gamle kommunesenter til det nye som det i dag er å bevege seg frå Florø til Måløy. Då hadde dei heller ikkje telefon som «allemannseige» og heller ikkje digitale verktøy. Då var det faktisk vanleg at innbyggarane som hovedkommunikasjonsform hadde fysisk kontakt eller brevkommunikasjon med kommuneadministrasjonen – i dag er det svært lite behov for fysisk oppmøte og servicetorg handterer mykje av det vesle behovet som framleis eksisterer.

At det tar litt tid å bli vant med nye strukturar er forståeleg og motstand mot endring si forankring i folkesjela er velkjent. Erfaring viser imidlertid at det etter ei tid så blir det nye det naturlege med påfølgande motstand mot framtidige endringar.

For meg er det uforståeleg at fire mil avstand i luftlinje er eit problem – den manglande realisering av Kystvegen er imidlertid eit problem. Kollektivtransport med ny teknologi til sjøs vil imidlertid opne for ei reisetid på ca. ein time med potensial for å utvikle effektiv kollektivtrafikk vidare nordover etter at Stadtunnelen er opna.

Vi har ikkje tidlegare oppnådd så god utteljing på samferdsleområdet i fylkeskommunen som etter etableringa av Kinn kommune og dette bør berre vere starten på eit taktskifte i samferdsla på kysten.

Næringslivet har vore klare i sine vurderingar, der dei ser fordelane med å ha større tyngde og oppsida av å vere ein kommune med betre kapasitet og kompetanse enn kva som er mulig ved ein deling av kommunen.

Ein vekstkommune som står fram som eit kraftsenter på kysten mellom Bergen og Ålesund blir ikkje bygd på 2 år og resultat av å miste kjøtvekta i.f.t dei politiske avgjerdsprosessane på dei to forvaltningsnivåa som kommunane må forholde seg til kan vi vanskeleg ta innover oss i tilstrekkeleg grad.

Som kystmenneske, oppvaksen på ei lita øy i havgapet og tungt forankra i ein kystkultur som er kjenneteikna av at vekst og utvikling krev tolmodig innsats og arbeid over tid for å så har eg svært vanskeleg for å forstå dei mange røystene som er opptatt av å kaste korta før ein kan begynne å hauste av innsatsen som er gjort og heller vil bruke svært store beløp for å rive i stykker ein organisasjon som har ofra svært mykje for å sikre gode tenester til innbyggarane også i ein situasjon med pandemi i store deler av perioden etter etablering av den nye kommunen.

Eg vel å tru at det store fleirtalet av kyst-innbyggarane både ser og er einig med at målretta arbeid og stødig kurs over tid som hovudregel må til for å oppnå resultat – og at vingling med stadige kursendringar som hovudregel fører til at ein taper i terreng i.f.t dei mange vi konkurrerer med i det politiske landskapet.