Planarbeidet i Kinn i hundre

20. mai kunne kommunedirektøren orientere kommunestyret om at Kinn kommune er i ein unik situasjon som har slikt eit skapande og initiativrikt lokalsamfunn. Alle andre kommunar misunner oss dette, då er det også ei plikt å ha kapasitet til å kunne møte dei slik Kinn kommune gjer.

Av alle dei nye kommunane som vart til 1.1.2020 er det kun Voss kommune som er ferdig med arealplanen. Kinn kommune har jobba intensivt med denne sidan hausten 2019. Slik som i alle kommunar er dette eit omfattande arbeid som krev ressursar, pengar og systematisk arbeid om planen skal svare til forventningane og dei lovkrav som Stortinget fastset. Vi har god framdrift frå fantastisk flinke menneske som arbeider kvar dag med å ferdigstille reguleringsplanar, områdereguleringsplanar og arealplanen for heile kommunen.

Nils Myklebust etterlyser framdrift og viser sjølv til eigen innsats frå 2002 til mars 2019 kor han har etterlyst ny arealplan for Vågsøy. Dei siste fire åra var han varaordførar i Vågsøy, men fekk likevel ikkje sett i gang arbeidet med ny arealplan for Vågsøy. Det er nesten som ein må klype seg i armen når no same Myklebust klagar på at planarbeidet går for seint.

Reverseringsprosessen av Kinn stel tid og ressursar. Dette resulterer blant anna i at plansjef i kommunen må vere konstituert kommunedirektør i påvente av avklaring om kommunen si framtid. Når Kinn skal rekruttere nye medarbeidarar innan plan og byggesak er første spørsmål søkarar stiller seg: kva kommune vil eg jobbe i og kan eg risikere å bli overtalig? Lågare kapasitet på plan og byggesak må Myklebust og reverseringsprosessen ta hovudansvaret for.

Kinn kommune har handsama over 610 byggesaker, over 100 fleire enn året før. Med over 40 planar som til ei kvar tid blir arbeidd med, så vitnar dette om enorm aktivitet og det viser kor avhengige vi er av gode tenester i kommunen. Sakshandsamingstida er under lovkrava.

Kommunen legg til rette for private reguleringsplanar skal kome i gang raskt for å kunne ta imot stein frå Stad skipstunnel. Her har faktisk kommunen masa på private for å kome raskt nok igong. Kinn er komne lenger enn nabokommunane og vi har som kommune spelt ei aktiv rolle inn mot Kystverket og departementet for å sikre massar til lokale industriprosjekt. Dette er noko som Kinn har erfaring med frå tidlegare. Dei kommunale planane er på plass, men det er eit krevjande arbeid som betyr at anna planarbeid må vente.

Nye prosjekt som dukkar opp heile tida. Eit døme er Kapellneset-Raudeberg og Brandsøyvegen. På grunn av har vi kapasitet og kompetanse i eige hus, har planavdelinga raskt kunne berekne prosjekta sin storleik og kostnad for å kome i posisjon til fylkestinget si handsaming. Arbeidet resulterte i politisk gjennomslag, og det på rekordtid!

Kommunedelplan for Florelandet – Brandsøy er handsama og vedteke i kommunestyret i juni. Dette etter tre offentlege høyringsrundar.

Det planfaglege arbeidet med områdereguleringsplan for Måløy sentrum er langt på veg ferdig. Planen har vore på offentleg høyring. Det er det gjennomført ein rekke møte med næringsaktørar, Måløy vekst og Måløy byforening. Sjølv om planen enda ikkje er formelt vedteke, kan saker handsamast etter planen, dvs. at det er kurrant å gje dispensasjon, dersom dei sakene som kjem inn er i samsvar med det som låg inne i den offentlege høyringa. T.d. gjeld dette «Peak Måløy».

Kinn kommune har opna for innspel til kommuneplanen sin arealdel. Så langt er det kome inn om lag 200 innspel. Alle desse blir vurdert og konsekvensutgreidd i samsvar med dei krava som gjeld for slikt planarbeid. Det er gjennomført innspelsmøte med næringsforeiningar, grendelag og andre. Politisk leiing arrangerte mellom anna eit møte der desse foreiningane var invitert til å kome med sine innspel til planarbeidet. Vi har og kontinuerleg dialog med motsegnsmynde for å vere i forkant ved eventuelle . Dette er viktig for å «rydde og klarere» det som kjem i planen. Noko som vil gje ei vesentlege kortare handsamingstid når planen kjem på offentleg høyring og formell handsaming. Pr. no vil kan vi ikkje gje eit eksakt tidspunkt for framdrift for handsaming av planen. Slikt framdrift vil bli presentert for plan, miljø og næringsutvalet 6 september.

Pr. august 2022 er det no planmessig opna for nye bustader i området Deknepollen/Kulen. Det er store moglegheiter for fortetting i Måløy sentrum innanfor gjeldande planverk. Planarbeidet for øvre Skram er ikkje langt unna å vere fullført. Når planen er vedteke og avtale med private aktørar er på plass vil dette gje rom for mange nye bustader i Måløy. I Florø og på Florelandet er det god plankapasitet for bustadbygging.

Både Florø, Måløyområdet og Eikefjord er det tilgang på næringsareal, men her vil situasjonen blir enno betre når kommuneplanen sin arealdel er vedteken

Kapasiteten på planavdelinga er redusert etter at plansjefen blei konstituert kommunedirektør. Det er gjort interne rokkeringar, det er tilsett nye folk innanfor landbruk, det er gjort avtalar med konsulentar om å gjere konkrete oppgåver og det er lyst ut etter planleggjar, utan at det er kome til tilsetting. Men med den reduserte kapasiteten planavdelinga no har, vil det vere meir utfordrande å fullføre overordna planarbeid, samtidig som vi skal handsama mange private reguleringsplanar og byggesaker innafor gjeldande fristar. Å utvikle framfor avvikling vil vere gunstig for all aktivitet kommunen, også plan. Dersom vi som er politikarar gir dei tilsette rom til å gjere det dei skal så får vi resultat raskare.