Er det greitt med litt hastverksarbeid no, Sidsel Kongsvik ?

Det er viktige spørsmål varaordføraren peikar på i sin artikkel i Firdaposten, men det ligg og litt historieløyse i det ho skriv.

I prosessen med samanslåing vart det etter eit privat initiativ, og med tilhøyrande underskriftslister, reist krav om folkerøysting i Vågsøy for å få ut meir informasjon om kva ei samanslåing med Flora ville bety. Undervegs, og etter at svært mange hadde sett sitt namn på listene, blei kravet endra til ei folkerøysting for eller mot Kinn Kommune.

Folkerøysting blei det, men lite informasjon om kva samanslåing med Flora ville bety vart tilført, utover det som kom i media og gjennom dei oppheta debattane i sosiale media.

Etter eit demokratisk lovleg vedtak i Flora og Vågsøy der eit knapt fleirtal i Vågsøy valde å sjå bort frå det rådgjevande resultatet av folkerøystinga blei samanslåinga med Flora vedtatt. Etter dette enda vi opp i ein situasjon der motstandarane protesterte på det meste som kunne protesterast på. (til eksempel; tilsetjing av rådmann, overnattingsleiligheter, tilsetjing av leiarar, val av kommunevåpen, budsjett, byggeprosjekt osv.)

Vågsøypolitikarane som var for samanslåinga blir framleis omtalt som «banden». Både dei og mange andre har nok opplevd personleg hets både før og etter samanslåinga.

På vallistene til kommunestyret dukka mange av "protestantane" opp, og eg er frimodig nok til å påstå at fleire av desse ikkje hadde annan agenda ein å fortsetje protestane og arbeidet for reversering i kommunepolitikken. I fleire tilfelle har vi sett at debattklimaet frå sosiale media har halde fram i den offentlege/kommunalpolitiske debatten (og der må begge sider ta si del av skulda).

Mykje av kritikken både før og etter samanslåinga har gått på at Kinn Kommune vart resultatet av hastverksarbeid, og dårleg politisk handverk.

Ein har med god hjelp av statskanalen og andre media lukkast med å framstille Kinn som «Norges raraste kommune» og ingen nemner f.eks. at Stad heller ikkje hadde vore samanhengande utan ei grensejustering initiert av Vågsøy Sp, og framleis må ein innom ei nabokommune om ein vil mellom tidlegare Selje og Eid om ein ikkje vil gå gjennom ulendt utmark.

At Kinn kommune undervegs har lukkast med mange av dei kommunale oppgåvene, og scora høgt i fleire samanhengar, og til trass for massiv kritikk, omkampar, pandemi osv. har det ikkje hjelpt på for dei som har ei hjartesak, nemleg reversering … for ein kvar pris.

Skal det no bli slik at ein med opne auge går inn i ein ny prosess der hastverk og dårleg politisk arbeid og støy skal bli avgjerande for framtida for oss som bur i Kinn?

Kan vi forvente at nykomarane i politikken som hadde reversering som (einaste) hjartesak tek jobben ved neste val dersom det blir ei deling. Eg trur dei fleste som er aktive i kommunepolitikken veit nok om dette alt no til å forstå at det blir ei stor og krevjande oppgåve. Kva vekt skal ein legge på folkerøystinga dersom folket ikkje får nok tid, og tilstrekkeleg høve til å setje seg inn i tilrådinga frå statsforvaltaren?

Kor stor del av veljarane trur varaordføraren kjem til å bruke feriedagane på dette?

Personleg trur eg svært mange vil trekkje sin stemmesetel ut frå tidlegare standpunkt av di det er viktigare "å få rett" enn at resultatet blir betre enn no.

Til dei folkevalde vil eg seie: De fikk tilliten under førre val til å ta viktige og tunge avgjerder, og eg håpar de no kjenner tungt på ansvaret de har for at innbyggarane både i tidlegare Flora og Vågsøy vil gå ei betre framtid i møte dersom ein skil lag. Om ein ikkje er trygg på det får ein heller leve med å bli kalla «bande» dersom ein må oversjå tilrådinga frå veljarane. Dette er viktigare enn å få rett i at ein klarte å oppnå reversering.