Klima- og miljømåla som glapp i gamle Eid kommune

Det har vore fleire saker i media som går på forureining, CO2 utslepp er eitt av desse. Eid kommune godkjente i januar 2018 ein energi- og klimaplan, sak 18/132. Der vart det vedtatt fleire saker som gjekk på å få ned slike utslepp. Og måla Eid kommune sette seg var tydelege. Kommunen sa då, at dei skulle redusere den lokale luftforureininga med 15 prosent.

Då kommunesamanslåinga vart eit faktum i januar 2020, så ser det ikkje ut til at denne planen vart tatt med vidare. Ny plan er visstnok under utarbeiding. Det ser heller ikkje ut til at utsleppsplanen som kommunen hadde brukt fleire år på å utarbeide,  vart tatt med i planarbeidet då cruisekaia på Nordfjordeid tok i mot det fyrste cruiseskipet, Aida perlai, i mai 2019.

Hans Christian Hansen, Stad SV. Foto: Bjørn Erik Drabløs

Meinte kommunestyre då, at CO₂ reduksjon var oppnåeleg med å tillate slik trafikk inn fjorden? Denne trafikken har sidan vorte auka. I 2020 var det 53 anløp. 63 anløp året etter, og 72 i fjor. I år er talet 73 til Nordfjordeid, og samla er det 204 cruisebåtar innom Nordfjorden.

Bilde av cruisebåtar som ligg røyklagde ved cruisekaia kan vel indikere at CO₂ utsleppa er på veg opp, ikkje ned. Noko som i så fall bryt dei norske klimamåla, som tilseier ein reduksjon på 50-55 prosent innan 2050. Eit skriv i frå Stad Vekst ser ikkje ut til å gjere situasjonen betre. Dei anbefaler å omgjere planane der kommunen har sagt at dyrka mark ikkje skal brukast, slik at industrien får vekstforhold i sentrumsnære områder. Det vil vel føre til at Eid sentrum får ytterlegare auka utslepp.

Dette er to saker som SV er tydelege på. Cruisetrafikken må regulerast ned, og dyrka mark skal brukast til det landbruksformålet den er tiltenkt. Skal vi klare å gjennomføre klimatiltak som fungerer så må CO2-utslepp ned, ikkje opp. I Bergen veit dei godt kva som skjer med luftkvaliteten i eit trongt område, om båtar får fritt leide til utslepp av CO₂.

Mein Schiff 4. Foto: Staale Wattø/Sunnmørsposten