Takk til helsestellet!

Dei siste åra har familien hatt behov for hjelp frå helsestellet , både lokalt og regionalt.

Alvorleg, kronisk sjukdom har gitt eit godt innsyn i korleis helsestellet fungerer, både her i Måløy og på sjukehuset på Nordfjordeid.

Når livet går mot slutten er kvar stund verdfull. Måten Nordfjord sjukehus la til rette for den omsorga kona mi trengde frå oss nære, var rørande. Leiinga og dei tilsette visste at når kroppen er sjuk treng ein meir enn medisin. Det trengst stell og omsorg frå helsepersonellet og det trengst nærleik til dei ein er glade i.

Midt i koronapandemien var me redde for at nærleiken skulle bli vanskeleg. Me ser kva som er beste medisinen, sa dei. Dei tilsette såg at det trengdest både somatiske god behandling og familiært fysisk nærvær. Me veit at større sjukehus ikkje greier dette like godt – kvifor skal eg ikkje seie noko om her – me er berre så takksame for at sjukehuset på Eid la det så godt til rette for oss.

Den same gode stellet og omsorga fekk me også hjå heimesjuketenesta og fastlegen her i Måløy. Flinke medarbeidarar gjorde sitt beste for at den hjelpa som var naudsynt vart så verdig og god som råd var. Dei ytte alt ein kan vente og endå meir.

I ei tid med til dels mykje klager, ser eg det som viktig å få fram at me har så gode røynsler med det lokale og regionale helsestellet i Nordfjord. Eg veit noko om misforholdet mellom tildelte ressurser og behovet/kravet hjå brukarane. Dei tilsette på alle nivå yter ofte langt ut over det ein kan vente. Det fortener dei ei skikkeleg takk og lønn for.

Dei tilsette, assistentar, helsefagarbeidarar, sjukepleiarar og legar (sikkert fleire også) si faglege og menneskelege evne til å vera nær pasienten og dei pårørande , sjå heilskapen og setje inn gode tiltak er det som skal til for at me opplever eit godt helsestell.

Det har me opplevd og det er me takksame for.